Bergens Tidende

Fortalde om folk som vert sjuke av fortetting

- GURO VALLAND guro.valland@bt.no foto BÅRD BØE

– Er det slik me vil at Bergen skal veksa? spurde Brit Hørgård Tilseth, leiar for Velforenin­gen Fantoftåse­n, då BT inviterte til debatt på Litteratur­huset torsdag.

Området Tilseth bur i og tomtelande­t kringom er saerskilt attraktivt for private aktørar.

Torsdag sat ho i panelet under BTs debatt om fortetting på Litteratur­huset i Bergen.

– Folk mistar nattesvevn­en

– Utbyggjara­r ser ikkje hindringar. Fortetting gjeld, utan analysar om kor og korleis, sa Tilseth.

Så viste ho til ein utbyggar som har freista å kjøpa eit tomteområd­e på ti mål i Øvre Fantoftåse­n.

– Dominoeffe­kten treff inn og påverkar. Sel naboen? Skal naboen selja? Folk mistar nattesvevn­en og vert sjuke av grublinga.

– Område vert fullstendi­g endra. Er det slik me vil at Bergen skal veksa? spurde Tilseth.

Byarkitekt Maria Molden var også på plass i panelet. Ho innrømte svake sider ved dagens fortetting­spolitikk.

– Det er eit stort problem at utbyggjara­r definerer kva slags bustader som skal verta bygde, sa Molden.

Det falt truleg i god jord hjå leiaren for Velforenin­gen Fantoftåse­n. Dei to har tidlegare krangla om fortetting i BT:

Store ambisjonar

Så, er det slik me vil at Bergen skal veksa?

Debattleia­r og BT-kommentato­r Mathias Fischer gav spørsmålet direkte vidare til den som best kunne svara på slikt: Anna Elisa Tryti (Ap), byråd for byutviklin­g. – Nei, sa Tryti.

– Ikkje slik Tilseth skildrar det. Me har starta opp eit kvalitetsp­rogram for fortetting. Retningsli­nene skal gjelda for nye regulering­splanar, og for den konkrete fortetting­a som skjer i rammeplana­r og byggjeløyv­e.

Tryti synte så til ei smørbrødli­ste av føringar som skal verta lagde til grunn for byrådet sin fortetting­spolitikk:

Utvikla grøne område i samanheng med elver og vassdrag, såkalla blå og grøne strukturar.

Gode byrom og gode møteplassa­r.

Identitets­skapande bygningar og landskap. Kulturminn­evern. Nyskapande arkitektur, saerskilt gjennom Byarkitekt­en. Estetikk og kunst i byen. Sosiale levekår og demokratis­ke omsyn.

Ulne svar frå Tryti

Tilseth fekk så spørsmål av debattleia­ren om ho fekk svar på spørsmålet sitt; altså om det er slik me vil at Bergen skal veksa.

– Det er veldig flott med kvalitetsp­rogram og retningsli­njer og så vidare, men dette vil gje mykje etterarbei­d, sa ho.

– Alt dette er vel og bra, men det skulle vore greia ut på førehand, meinte Tilseth.

Debattleia­r Fischer førte så ordet vidare til Tryti att.

Han lurte på om det er vorte gjennomfør­t fortetting som ikkje samsvarar med politikken som vert gjeldande i framtida.

Det klarte aldri Tryti å svara på. I staden peika ho på at tillegga som kjem vil leggja premissane for korleis byen skal byggjast.

– Samstundes skal me byggja ein klimarikti­g by, var svaret.

– Kanskje me bør roa ned

Byarkitekt Molden sa ho var den første til å anerkjenna at det er problem og smertefull­e prosessar knytt til fortetting.

Likevel, det er ingen som tvingar nokon til å selja tomta si til ein utbyggjar, presiserte ho.

– Det er ditt eige val. Om du vil ha 13–14 millionar kroner for bustaden din, kan du lett verta freista. Men dette handlar ikkje om einebustad­er som er truga. Dette handlar om eit felles ansvar som kommunen tek.

– Kanskje me bør roa ned på storleiken og mengda, og diskutera korleis me kan utvikla på bakgrunn av saerpreg og karakter.

– Er det du eller Bergen kommune som meiner det, lurte debattleia­ren.

– Dette står i planen, understrek­a Molden.

Så heiv Tryti seg på.

– Me freistar å utvikla strategiar på sjøfront, arkitektur, kulturminn­eplan – planar for juridisk å forplikta byen på dette, sa ho.

– Også gjennom framtidige politiske periodar, uansett farge, understrek­a Tryti.

Fryktar pensjonist­by

For Velforenin­gen Fantoftåse­n verka det å vera altfor mjuke ord.

– Ein utbyggar sa til meg: Kommunen avgjer fortetting. Me avgjer kor me skal fortetta. Me får ein by med pensjonist­ar slik det vert lagt opp til no, sa Tilseth.

Utsegna fekk umiddelbar applaus frå salen på Litteratur­huset.

– I ei nyinnflytt­a blokk på Slettebakk­en med 133 leilegheit­er, barnehage og skule i naerleiken og fritidsakt­ivitetar rett utanfor, er den største gruppa pensjonist­ar og dei som naermar seg pensjonist­alder, heldt Tilseth fram.

Driv med oppkjøp igjen

Ho er også uroa for utflytting av byen.

– Det er openbert kostbare tomter ved knutepunkt­a, sa Tilseth.

Då sa Tryti at nabokommun­ane må føra same fortetting­spolitikk som Bergen. Eit godt døme til etterfølgi­ng kom frå eige hus:

Bergen kommune brukte forkjøpsre­tten og sikra seg ein stor eigedom på Laksevåg.

Verkemidde­let gir byrådet kontroll på bustadutvi­klinga i staden for private oppkjøpara­r.

– Det er ein måte me ikkje har jobba på sidan me hadde Bergen Sentrum Tomteselsk­ap, sa Tryti.

Ein utbyggar sa til meg: Kommunen avgjer fortetting. Me avgjer kor me skal fortetta. Me får ein by med pensjonist­ar slik det vert lagt opp til. Brit Hørgård Tilseth, Fantoftåse­n vel

 ??  ??
 ??  ?? TRIO: Leiar for Velforenin­gen Fantoftåse­n, Brit Hørgård Tilseth, møtte byarkitekt Maria Molden (i midten) og byråd for byutviklin­g Anna Elisa Tryti (Ap) til debatt.
TRIO: Leiar for Velforenin­gen Fantoftåse­n, Brit Hørgård Tilseth, møtte byarkitekt Maria Molden (i midten) og byråd for byutviklin­g Anna Elisa Tryti (Ap) til debatt.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway