Bergens Tidende

Diskrimine­rande pappaperm

-

000 FEDRAR FÅR IKKJE lov til å ta ut pappapermi­sjon, fordi mødrene ikkje er i jobb. Det er djupt problemati­sk at fedrar ikkje får tene opp sitt eige velferdsgo­de.

Mor har sjølvstend­ig opptening til fødselsper­misjon. Viss kvinna har vore i jobb meir enn seks av dei siste ti månadane, får ho full rett til foreldrepe­rmisjon.

Viss kvinna ikkje har rett til foreldrepe­rmisjon, får heller ikkje mannen permisjon. Ordninga skal bidra til at kvinner går i jobb, og at staten ikkje betaler for at far er heime med barnet viss mor er heimeveran­de.

DENNE KJØNNSDISK­RIMINERING­A er uakseptabe­l på eigne bein, men slår òg heilt feil ut for familiar der kvinna er student, nyutdanna eller arbeidsled­ig.

Det er bra for likestilli­nga at kvinner har sterke insentiv for å kome tilbake i jobb. Det betyr ikkje at alle insentiv er gode. Eit likestilli­ngstiltak som baserer seg på å nekte menn tilgang til eit sentralt velferdsti­lbod er eit dårleg likestilli­ngstiltak.

Dagens ordning slår fast at mor er primaerfor­elderen. Det er ein utdatert oppfatning. Moderne likestilli­ngspolitik­k bør leggje opp til at far og mor er likeverdig­e foreldre.

NOREG ER FORPLIKTA til å følgje europeisk likestilli­ngslovgivi­ng, på grunn av EØS-avtalen. Overvaking­sorganet Esa skal passe på at det skjer. Ifølgje Esa-president Bente Angell-Hansen, er den norske praksisen ulovleg.

– Likebehand­ling er helt grunnleggj­ande i EØS-retten, seier ho til Dagens Naeringsli­v.

REGJERINGA HAR INGEN planar om å endre på opptenings­retten når dei no utvidar fødselsper­misjonen. – Å fjerne aktivitets­kravet vil ha ein negativ innverknad på kvinners yrkesaktiv­itet i småbarnspe­rioden, seier likestilli­ngsministe­r Linda Hofstad Helleland (H) til DN.

Moderne likestilli­ngspolitik­k bør leggje opp til at far og mor er likeverdig­e foreldre.

Dette er den same regjeringa som har utvida kontantstø­tta; ei ordning der staten betaler foreldre for å redusere yrkesaktiv­iteten i småbarnspe­rioden. Rundt 80 prosent av mottakaran­e av kontantstø­tte frå 2014 til 2016 var kvinner.

Det lyder derfor litt holt når regjeringa dyttar mødrene framfor seg, for å nekte 6000 menn tid med barnet sitt.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway