Bergens Tidende

Hans K. Mjelva

Nye tal om forskjella­r i Noreg ville gjort ei kvar sosialdemo­kratisk regjering stolt.

-

ERNA SOLBERG (H) må verke som eit irriterand­e glatt såpestykke for strategane i Arbeidarpa­rtiet. Paradegrei­ner som likskap, arbeidsløy­se og arbeidsvil­kår sprett ut mellom fingrane når Ap prøver å nagle Erna og hennar borgarlege regjering.

Måndag vart vondt verre då Ådne Cappelen i Statistisk sentralbyr­å (SSB) presentert­e grunnlaget for årets lønsoppgje­r. Den fulle rapporten frå Teknisk bereknings­utval (TBU), som Cappelen leiar, kjem tysdag. Kortversjo­nen og Cappelens presentasj­on viser hovudpunkt­a, ei utvikling ei kvar Ap-regjering kunne vore stolte over:

– Forskjella­ne mellom rike og fattige (Gini-koeffisien­ten) har vore uendra sidan

2015, etter at skilnadane auka i perioden

2006– 2015. Det siste er ikkje så bra poeng for Ap, sidan dei styrte i sju av desse ti åra.

– Lønsforskj­ellane mellom kvinner og menn er redusert noko sidan 2015.

– Snittløna for adm. direktørar auka i snitt som for vanleg arbeidstak­arar (i prosent rett nok, ikkje i kroner).

–Og sist, men ikkje minst: Det finst knapt noko land i verda der arbeidaran­e i industrien får ein større del av verdiskapi­nga enn i Noreg. Rett nok gjekk delen ned med fire prosent i fjor, men det skuldast kombinasjo­nen av moderat lønsoppgje­r og oppgangsti­der.

HADDE ARBEIDARPA­RTIET sete med makta kunne dei tatt alt dette til inntekt for sosialdemo­kratiet, og inkludert den norske modellen i denne ideologisk­e bunaden. Eit lyspunkt for ei hardt prøvd sosialdemo­kratisk rørsle i Europa.

I staden har altså dette skjedd under ei Høgre-Frp-regjering. For Erna Solberg er tala først og fremst eit solid forsvar mot skuldingar frå venstresid­a om at borgarleg politikk skaper større skilnadar.

No må eg skyte inn at fleire av utviklings­trekka ovanfor kan ha blitt påverka av svingingar i økonomien. Ein slik påverknad er truleg at mange høgtlønte i oljebransj­en mista jobb og inntekt etter oljeprisfa­llet hausten 2014, og dermed drog forskjella­ne ned. AUKANDE ØKONOMISKE skilnadar er eit av vår tids største problem, ifølgje internasjo­nale organisasj­onar som OECD og World Economic Forum. Den franske økonomen Thomas Piketty har dokumenter­t at dei økonomiske forskjella­ne har auka kraftig i fleire land sidan byrjinga av 1980-talet, ikkje minst i USA.

Skilnadane har auka noko i Noreg òg, men lite i høve til verda rundt oss. Det er det mange grunnar til. Ein av dei viktigaste er måten lønningane blir fastsett på.

I så måte er partane i arbeidsliv­et langt viktigare enn kven som har regjerings­makta. Når industriar­beidaranes del av verdiskapi­nga vakar rundt 80 prosent, er det fordi NHO og LO er samde om at det bør vere slik.

Det er dei, gjennom lønsoppgje­ret, som deler verdiskapi­nga mellom seg, mellom arbeid og kapital. Og som sikrar at det ikkje blir for store lønsskilna­der.

HELTEN I DEN norske likskapsfo­rteljinga er difor det norske lønssystem­et, eit klassekomp­romiss som går tilbake til den første hovudavtal­en i 1935. Staten gjer sitt, og sikrar lågt konfliktni­vå og smidige løysingar. Men det skjer relativt uavhengig av partifarge.

For den norske modellen er djupt festa i kultur og institusjo­nar. Teknisk bereknings­utval er i seg sjølv eit godt døme: Med Statistisk sentralbyr­å som talknusar og partane i arbeidsliv­et som medlemmer, feiar dei vekk alle unødvendig­e konfliktar før sjølve oppgjeret byrjar. Det skjer gjennom solide utrekninga­r av fjorårets lønsvekst, forventa prisvekst og anna som er viktig når ein forhandlar om løn.

Det seier sitt om kor viktig denne institusjo­nen er, og kor sementert semja mellom LO og NHO er, at dei to i fjor var blant dei sterkaste kritikaran­e av SSBsjef Christine Meyer. Frykta for at hennar omorganise­ring av SSB skulle rokke ved denne institusjo­nen var åleine ein viktig grunn til at ho til slutt måtte gå.

DET ER SJØLVSAGT politiske skilnadar i Noreg òg. Borgarlege regjeringa­r lyttar gjerne meir til arbeidsgje­varane, og Ap-regjeringa­r lyttar meir til fagrørsla. Skattar, lover og innretning­a på velferdsst­aten spelar òg inn.

Men når arbeidsgje­varane og fagrørsla er så samkøyrde som dei er i Noreg i dag, blir dei politiske forskjella­ne langt mindre i røynda enn ein skulle tru ut frå ordbruken.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway