Bergens Tidende

Utsendinga av afghansk familie er sett på vent

- GURO VALLAND guro.valland@bt.no EYSTEIN RØSSUM

Politiet skal ha stått klar, men barnefaren var ikkje frisk nok til å verta sendt ut av landet, fortel pastor Frank Håvik.

Småbarnsfa­milien frå Afghanista­n vart teken med makt frå kyrkjelyde­n Betania på Fitjar fredag.

Ektemannen vart innlagt på sjukehus etter politiaksj­onen.

– Politiet på sykehuset

Måndag ettermidda­g var Politiets utlendings­eining (PU) på sjukehuset for å ta med seg mannen, fortel pastor Frank Håvik i Nytt Liv Sunnhordla­nd.

– Dei hadde fått bagasjen i bilen, men så vart det heile stogga av legane. Han var ikkje frisk nok, seier Håvik.

PU kan korkje stadfesta eller avkrefta pastoren sine opplysinga­r, men fortel i ein e-post at den planlagde uttranspor­ten av familien vart avbroten i helga.

Ventar på ankesak

Familien har levd i kyrkjeasyl på Fitjar sidan i fjor vår.

Ekteparet skal ha konvertert til kristendom­en og fryktar forfølging. Fordi dei gifta seg mot viljen til hennar familie, hevdar paret at dei også risikerer aeresdrap.

Småbarnsfa­milien søkte om mellombels utsetjing for å hindra tvangsretu­r og fekk medhald på alle punkt i Oslo byfogdembe­te.

Men så vart dei ikkje trudd i tingretten. Familien måtte difor attende i kyrkjeasyl på Fitjar.

Håvik fekk nokre få ord med ektemannen på telefonen måndag.

– Korleis tek han det?

– Han har det veldig tøft.

Strid om status på lokalet

Kona og dei tre barna på fem, fire og eit halvt år er innkvarter­t på eit asylmottak ved Hønefoss.

Ifølgje pastoren fekk kona beskjed frå PU om å gjera seg klar for å reisa attende til Afghanista­n seinare måndag.

– Men advokaten deira seier at det ikkje vil skje dersom ikkje også ektemannen blir med. Då må han skrivast ut frå sjukehuset først, og det er det legane som avgjer, seier Håvik.

I forkant hadde politiet konkludert at lokalet ikkje kunne verta rekna som eit kyrkjebygg. Aksjonen var klarert med Justisdepa­rtementet.

Den ansvarlege for gjennomfør­inga, avsnittsle­iar Pål Gjil i operativ utlendings­eining i Sør-Vest politidist­rikt, skildra aksjonen som «meget vellykket».

Sender brev til Listhaug

Aksjonen har skapt reaksjonar. Norges kristne råd har måndag avgjort at dei skal senda eit brev til justismini­ster Sylvi Listhaug (Frp).

Dei ønskjer å få avklart to ting, fortel

Knut Refsdal:

Om retningsli­njene ved kyrkjeasyl, og som politiet har stelt seg til sidan 1999, er oppheva, og om dette såleis signaliser­er ny praksis ved kyrkjeasyl.

Om ein gjer forskjell på typen av kyrkjebygg.

Refsdal påpeikar at det ikkje er utenkjeleg at det vil dukka opp fleire saker med afghanske flyktninga­r i kyrkjeasyl.

– Då er det greitt å veta korleis styresmakt­ene stiller seg. Og er det slik at politiet og Justisdepa­rtementet ikkje trudde at dette var ei kyrkje fordi ho ikkje høyrer til Den norske kyrkje, er det noko med tru- og livssynsko­mpetansen som er fråverande, seier han.

generalsek­retaer

 ?? ARKIVFOTO: ØRJAN DEISZ ?? OPPRØRT: – Eg er veldig prega. Det er som om det er mine barn og barnebarn, slik kjennest det, seier pastor Frank Håvik.
ARKIVFOTO: ØRJAN DEISZ OPPRØRT: – Eg er veldig prega. Det er som om det er mine barn og barnebarn, slik kjennest det, seier pastor Frank Håvik.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway