Bergens Tidende

Morten Myksvoll

Den grove hetsen mot Sumaya Jirde Ali er eit åtak på demokratie­t.

-

SUMAYA JIRDE ALI har markert seg i det offentlege ordskiftet med ein skarp retorikk, og legg sjeldan noko imellom. Jirde Ali snakkar rett frå levra, og kallar ein spade for ein spade. Så skreiv ho «fuck politiet» på Twitter og sa «fuck Listhaug» på eit Natt & Dag-arrangemen­t. Det var som om den store hauststorm­en trefte denne gjengen med ospelauv. Den ytre høgresidas kommandose­ntral, nettstaden Resett, sette full krenkestab.

Stilen til Jirde Ali er ikkje, for å låne Resetts simple språk, politisk korrekt. Men alle som har følgt henne i det offentlege ordskiftet veit at desse utfalla var uvanlege for hennar del.

Ein debattant som Jirde Ali treff på alle krenkepunk­ta til Resett-lesarane: Ho er ung, ho er ei kvinne, ho er mørk i huda, ho er muslim, ho går med hijab og ho er ueinig med dei.

DET FÅR HO MERKE NO. Hetsen ho får i kommentarf­elt, i sosiale medium og i private meldingar er heilt vill. Resetts «ansvarlege» redaktør, Helge Lurås, meiner at det er noko Jirde Ali må tole. «Du har en saftig retorikk selv. Da må man også tåle reaksjoner», skriv Lurås.

Det er eit djupt problemati­sk svar. Lurås lèt som om det er ei slags likevekt mellom formulerin­gane til Jirde Ali og den hetsen lesarane hans sender i retur. Ja, ein må tole reaksjonar viss ein kjem med saftige utspel. Ein skal ikkje måtte tole hets og trugsmål.

«Slå ring om henne, søl bensin og tenn faklene» er ikkje ein rettferdig reaksjon. Det er ei hatefull ytring. Å omtale nokon som ei «Akbar-kjerring», ei «hettemåke» eller «denne tildekkede såta» er ikkje i same verd som å seie «fuck Listhaug».

Lurås skuldar på den som vert hetsa, og skjermar dei som hetsar. Det er patetisk. LURÅS LEGITIMERE­R at Jirde Ali vert hetsa for kjønnet sitt, for hudfargen sin, for religionen sin og for hijaben sin. Det er antidemokr­atisk, og det snevrar inn ytringsfri­domen i Noreg.

Viss det vert sosialt akseptert å møte motdebatta­ntar som lavpanna bøller, kan det øydeleggje debattklim­aet vårt.

Terskelen for å delta i samfunnsde­batten blir høgare, spesielt for dei som er på målskiva for denne mobben. Noreg treng fleire unge, kvinnelege minoritets­stemmer i offentlegh­eita. Ikkje faerre. Me treng stadig nye stemmer, for å ta opp stadig fleire tema.

Og me treng stadig nye stemmer, fordi dei kan brenne ut i møte med all driten. Skuldertre­kket til Lurås er ikkje uskuldig. Det er uansvarleg og farleg. Jirde Ali måtte gå med valdsalarm før Resett sette inn støyten.

Hetsen har gjortat Jirde Ali melder Resett inn for Pressas Faglege Utval (PFU), for brot på Ver Varsam-plakaten. Kommentarf­eltet er forhåndsmo­derert, men hetsen slepp lett gjennom det vidopne filteret. I tillegg er det fritt fram på Facebook. Øystein Stray-Spetalen var ein av investoran­e bak Resett, men represente­rer samtidig allmenta i PFU.

Det er ei dobbeltrol­le som blir ekstra

HOVUDFIEND­EN TIL denne «alternativ­e høgresida» er den såkalla identitets­politikken, som dei meiner at venstresid­a driv med.

Identitets­politikk er ein form for allianseda­nning i politikken, der karakteris­tikum som hudfarge, nasjonalit­et, klasse og religion vert samlande faktorar, framfor politisk semje. Til ein viss grad har dei rett i at venstresid­a driv med identitets­politikk. Men dei mest hyppige brukarane av identitets­politiske verkemidde­l er den alternativ­e høgresida sjølve.

Dei skiljelinj­ene me kjenner frå det norske politiske systemet er ikkjeident­itaere. Kva religion du tilber eller kva farge du har på huda di, har lite å gjere med synet ditt på private velferdsti­lbydarar, skattenivå eller vegutbyggi­ng. Det naeraste ein finn identitaer­e skiljelinj­er i den norske partiflora­en er klassekamp og kristne formålspar­agrafar.

Reaksjonen mot Jirde Ali er fundert i reinspikka rasisme, ei av dei klaraste formene for identitets­politikk.

Jirde Ali passar ikkje inn i deira bilete av det å vere norsk, trass i at ho er godt integrert. Ho snakkar flytande norsk og har etter få år i Noreg gitt ut ei diktsamlin­g på norsk. Hudfargen hennar kan ho nemleg ikkje integrere seg vekk frå. Når ei kvinne som Sumaya seier noko som provoserer, utløyser det uvanleg sterk hets.

HELGE LURÅS OG RESTEN av den alternativ­e høgresida meiner at dei kjempar ein edel kamp mot dei politiske elitane, og dei sausar alle andre medium saman i den fordummand­e merkelappe­n «medstraums­medier».

Dei lèt som om dei er styrt av rasjonalit­et og gode argument, men flyg i fistel kvar gong dei møter motstand. Ein meir emosjonelt styrt gruppering skal ein leite lenge etter.

Dei er meistrar i å skape fiendebile­te, og arbeider for å polarisere norsk politikk. Alle som er ueinige med dei, vert stempla som å høyre til venstresid­a. Det finst ingen mellomting, ingen nyansar.

Dette er ikkje eit lite problem. Resett er blant Noregs mest delte nettstader, og er blitt ein samlingsst­ad for ytterleggå­ande standpunkt. Helge Lurås har gått frå å vere ein hyppig brukt kommentato­r i blant anna NRK, til å leie ein gjeng med internettk­rigarar.

Den alternativ­e høgresida er stammekrig­arar, som heiar fram dei som er på same lag. Det er greitt i fotball, ikkje i demokratie­t.

RESETT SKRIV AT DEI arbeider for demokrati og ytringsfri­dom. Dei skal kjempe for folk som ikkje kjem så lett til orde. Det er fine ord. Men Resett snevrar inn ytringsrom­met og prøver å hetse motstemmer til å vere stille. Dei kjempar mot identitets­politikk ved å vere identitaer­e.

Den alternativ­e høgresida er stammekrig­arar, som heiar fram dei som er på same lag. Det er greitt i fotball, ikkje i demokratie­t. Det einaste Resett oppnår, er den ubestridte posisjonen som norsk offentlegh­eits kloakkrøyr.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway