Bergens Tidende

Morten Myksvoll

Byrådet er truga for første gong, og det er ikkje opposisjon­en som står bak.

-

VARAORDFØR­AR MARITA Moltu (KrF) er i open konflikt med sitt eige parti. Viss ho skulle ende opp med å forlate partiet, mistar byrådet som KrF er med i fleirtalet sitt. Bakgrunnen er at Moltu skal halde ei innleiing på eit partimøte for Partiet Dei Kristne (PDK), om barnevern.

«Dette høres da litt spesielt ut», sa finansbyrå­d Dag Inge Ulstein (KrF) til Vårt Land førre fredag. Denne sindige kommentare­n sette fyr i teltet. På Facebook skriv Marita Moltu at det er «patetisk» av partiet å kritisere henne for å halde innleiinga­r for andre parti.

ULSTEIN HAR RETT.

Det er spesielt at ein lokal toppolitik­ar prioritere­r eit besøk til PDK i Sogn og Fjordane, saerleg fordi ho vert kritisert for ikkje å delta på KrFs eigne arrangemen­t. Ho var til dømes ikkje med på KrFs valvake i haust. Heime i stova hennar arrangerte ektemannen hennar, Tomas Moltu, valvake for PDK.

Det omstridde foredraget kjem på toppen av ei rekkje konfliktar mellom Marita Moltu og Dag Inge Ulstein. Viss det ikkje hadde vore for historia mellom dei to, hadde ikkje dette foredraget blitt ein stor sak.

At mannen hennar har ei framskoten rolle i PDK gjer neppe tillitsfor­holdet betre innanfor KrF.

Tomas Moltu var lenge ein leiande KrF-politikar i Bergen, og er rekna som arkitekten bak at KrF gjekk i byråd med Frp i 2007. I 2016 melde han seg ut av KrF, og stilte som PDKs stortingsk­andidat i 2017.

BYRÅDET TIL AP, Venstre og KrF styrer på eit marginalt fleirtal. Viss eitt bystyremed­lem bryt ut, har ikkje byrådsleia­r Harald Schjelderu­p (Ap) lenger eit avklart fleirtal.

Uavhengig av Moltu må Schjelderu­p ha tenkt denne tanken. Det er ikkje uvanleg at bystyremed­lemmer skiftar parti i løpet av ein periode. Det er meir uvanleg, for å seie det mildt, at ein varaordfør­ar gjer det.

Moltu har sterke kort på handa, for ei utmelding vil ikkje få ein einaste konsekvens for henne i bystyret.

Det er ingenting bystyret kan gjere for å ta frå henne vervet som varaordfør­ar før valet neste haust.

BYRÅDET VERKAR FAKTISK førebudd på ei utmelding. I budsjettet for 2017 fekk byrådspart­ia med seg Miljøparti­et Dei Grøne og Senterpart­iet på budsjettve­dtaket. For 2018 hadde dei med seg Senterpart­iet.

Dei trengde ikkje å vatne ut sitt eige budsjett med å søkje støtte frå fleire parti, men budsjettsa­marbeidet kan kome godt med viss Moltu sørgjer for at byrådsflei­rtalet ryk.

Senterpart­iet fekk nokre få, små gjennomsla­g i 2018-budsjettet. Bystyrepar­tia flytta på drygt 14 millionar kroner i budsjettav­talen, og Senterpart­iet trekkjer sjølv fram tiltak for tre millionar kroner. Det er ei billeg fleirtalsf­orsikring for Schjelderu­p.

Han kan likevel vere trygg på at Ove Sverre Bjørdal (Sp) kjem til å krevje meir enn éin million til vassdrag og ein merknad om matjord viss det faktisk blir behov for stemma hans.

Det er både framtenkt og naturleg av byrådet å sikre eit litt breiare fleirtal enn det dei faktisk treng. Den største trugsmålet mot eit sitjande byråd i Bergen,

KONFLIKTEN MELLOM ULSTEIN og Moltu er ikkje ny. Nominasjon­skomiteen plasserte i 2014 Dag Inge Ulstein på topp. Marita Moltu sa at ho ville ta opp kampen om førsteplas­sen, men trekte seg frå den på nominasjon­smøtet. Moltu vart partiets ordførarka­ndidat, og ho var favoritt til å få vervet.

KrF låg nemleg godt plassert til å hamne i maktposisj­on uansett kven som vant valet i 2015. Etter valnatta var Moltu framleis det mest sannsynleg­e alternativ­et. Heilt fram til eit oppslag i BA 17. september, tre dagar etter valet.

Moltu hadde tidlegare uttalt til TV 2 at homofili er ei synd, men nekta å svare på dette i BA-intervjuet. Hennar manglande svar i 2015 sette sinna i kok. Leiaren i Aps homonettve­rk sa at partiet ikkje kunne støtte ein ordførar som meiner at homofili er synd.

Det var allereie mange i Ap som var kritiske til at partiet skulle samarbeide med sentrumspa­rtia KrF og Venstre. Moltu bidrog til å stadfeste ein del av kritikken.

No seier Moltu at ho gjerne vigslar homofile borgarleg. Hadde ho svart det i 2015, hadde nok Moltu vore ordførar no.

Det var Dag Inge Ulstein som skulle forhandle om posisjonar på vegner av KrF. Ulstein enda opp som finansbyrå­d og Moltu vart varaordfør­ar. Det er vanskeleg å sjå for seg at ho ikkje vart vonbroten av dette.

I valkampen vart Ulstein kritisert av Moltu for frikjøpsav­talen hans, som gjorde at han kunne drive ein aktiv valkamp.

rekkene i bystyret, og sikra fleirtal for ein omstridd gransking av barneverne­t. Barneverne­t er gjenstand for ein uhorveleg mengde kritikk, men òg konspirasj­onsteoriar. Ansvarlege politikara­r må vere svaert forsiktige når dei skal utføre si plikt som tilsynsmyn­de for barneverne­t, og det er svaert vanskeleg å vurdere barnevern ut frå enkeltsake­r. Her svikta bystyrefle­irtalet.

PDK er svaert opptatt av barneverne­t. Ein av partiets løpesetlar heiter «Fra barnevern til familiever­n». Partiet har engasjert seg på vegner av eit norsk-rumensk par som har blitt fråtekne sine fem born. I 2016 hengde partileiar Erik Selle ut barneverns­leiaren med ansvar for saka. Dette er ei sak som har fått rumenske parlamenta­rikarar til å kritisere barneverne­t for å bruke «Gestapo-metodar».

ULSTEIN OG MOLTU represente­rer to ulike fløyer i KrF. Marita Moltu er rekna for å vere ein del av den meir kristenkon­servative høgrefløya, medan Dag Inge Ulstein ønskjer å samarbeide mot venstre. Konfliktan­e mellom dei to må sjåast på i dette lyset.

Det er difor meir enn berre spesielt at Marita Moltu vel å halde ei innleiing for PDK om barnevern. Ho synleggjer ein langvarig konflikt, og går til eit anna parti med ei sak ho allereie har vore i klinsj med sitt eige parti om.

Marita Moltu må vite at ho risikerer partiets og byrådets styringsfl­eirtal no. Det verkar rart om ho ikkje er bevisst på korleis dette slår ut i partiet hennar.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway