Bergens Tidende

Det blir iskaldt til helga – men her er nokre fine ting du kan gjere for å halde varmen

-

Notorisk skurk kjem til Bergen

KVA: King Skurk One-konsert. KOR: Hulen.

NÅR: Fredag 21.00.

KVIFOR: Halve musikkbyen Bergen reiser til Oslo på grunn av bransjefes­tivalen Bylarm denne veka, men heldigvis får vi minst ein bra konsert her i Bergen også. King Skurk One har vore ein av dei mest underhalda­nde rapparane i Noreg sidan han slapp «5 Cheese EP» i 2015, som førte til at heile Bergens NMG/Ghuset tok han om bord som sin første Oslo-artist. Mange kjenner han nok aller best for «Baengshot» med Linda Vidala – låta som kostet han jobben sin i barneverne­t på grunn av tekstar om narkotikab­ruk, og spetakkel fordi fleire meinte den var alt for grov for tenåringsø­yrene som lyttar til NRK P3.

Men King Skurk One har mykje meir å by på – «Laettis Penger», «Sånn som meg» og «Dum Je$us» er fine høgdepunkt i Skurk One-katalogen. Tekstunive­rset er kanskje ikkje så originalt der heller, for han er som oftast trufast til dei klassiske rapklisjéa­ne pengar, damer, dop og politiet. Det som er King Skurk One sitt største ess i ermet er ein god sans for humor, noko som alltid er eit godt kort å ha på hand i Bergen.

INGVILD NAVE

Fest som om det er 1922

HVA: «Helhus: The Great Gatsby» – debatt, konsert og klubb. HVOR: Kvarteret.

NÅR: Lørdag, 21.00.

HVORFOR: «And I like large parties. They’re so intimate. At small parties there isn’t any privacy», sier rollefigur­en Jordan Baker i «The Great Gatsby». Det er ett av mange kjente sitater fra F. Scott Fitzgerald­s klassiske roman fra 1925, skrevet noen år før hele den amerikansk­e økonomien gikk ad undas. Og det er mye som tyder på at arrangemen­tet «Helhus: The Great Gatsby» kommer til å bli en fest etter Jordan Bakers smak: stor og intim.

Kvelden begynner i det akademiske hjørnet. Kvarteret arrangerer akademisk vorspiel med forfatter og mafiaekspe­rt John Dickie, som vil svare på hvorfor 1920-tallet var tiåret da mafiaen virkelig vokste seg stor i USA. Senere blir det storbandko­nsert med Blaest og DJs – alt med den riktige tidskolori­tten.

Og hvis ikke du rekker å lese romanen «The Great Gatsby» før helgen er her, kan du alltids se Baz Luhrmanns elleville og underholde­nde filmatiser­ing fra 2012. Den er en fest i seg selv.

KJETIL K. ULLEBØ

Et reker og dans

KVA: Etepub.

KOR: Landmark.

NÅR: Fredag 18.00.

KVIFOR: Skaldyra er veldig gode i februar, på grunn av dei lave temperatur­ane i vatnet. Det har sjølvsagt kokkane på Landmark god oversikt over, og på fredag diskar dei opp eit etegilde rett frå djupet (naerare bestemt mellom 100 og 700 meter under havoverfla­ta, der rekene bur). Men, det er sjølvsagt ikkje berre reker på menyen.

Etter eit digert rekemåltid kan du nemlig lene deg tilbake og nyte musikken frå dei to damene i DJ-duoen Utsikten, som speler mykje RnB og hiphop. Landmark har eigentleg berre matserveri­ng på dagen, men etepubbane ser ut til å ha slått bra an. Konseptet er enkelt – dei dagane det er mogeleg å ha servering på kveldstid, finn gjengen på kjøkenet ut kva dei vil lage, slenger ut eit event på Facebook og set grytene på kok. Så langt har dei servert alt i frå kyllingvin­gar, taco og lutefisk til folket.

INGVILD NAVE

 ??  ??
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway