Bergens Tidende

Morten Myksvoll

Den amerikansk­e våpendebat­ten, men ikkje våpenloven­e, er i ferd med å endre seg.

-

ETTER SKULESKYTI­NGA i Florida 14. februar, har den amerikansk­e våpendebat­ten endra seg. Vanlegvis renn alle forsøk på å endre dei liberale våpenloven­e fort ut i sanden. Ikkje no. Fleire av dei overlevand­e frå skuleskyti­nga har dominert det amerikansk­e mediebilet­et dei siste vekene, med oppfordrin­gar om å endre lovverket. 14 av medelevane deira vart drepne.

Elevane ønskjer berre å vere trygge på skulen.

DET SER IKKJE UT som om dei får gjennomsla­g hjå dei politiske styresmakt­ene. Kort tid etter skytinga sa politikara­ne i Florida nei til nye våpenregul­eringar.

President Donald Trump har rett nok sagt at han ønskjer å ta våpena frå potensielt farlege folk, og handtere rettstrygg­leiken etterpå.

Men det går ikkje an å ta Trump seriøst. For det første bryt forslaget med grunnlova. For det andre viser Donald Trump at han ikkje kan nokon ting om våpenloven­e.

I det same møtet der han foreslo å konfiskere våpen, omtala han nemleg rifla som vart brukt i massakren som eit svartebørs­våpen. Våpen av typen AR-15 er lovleg å selje.

For det tredje har Trump reagert på skuleskyti­nga med å foreslå å vaepne laerarar. Det er vanskeleg å handtere våpen, spesielt i skarpe situasjona­r. Tal frå 2016 viser at New York-politiet skyt meir enn fem skot i 43 prosent av alle skotveksli­ngar. Mange skot bommar på målet, og er ein fare for uskuldige.

Ifølgje ein forskingsa­rtikkel frå 2015, er det små forskjella­r mellom politifolk med ulik mengde trening. Våpentreni­nga består ofte i å skyte på stilleståa­nde blink. Når NYPD ikkje har ei våpentreni­ng som er god nok til å trene politifolk­a til skarpe oppdrag, er det naivt å tru at ein laerar skal treffe ein skuleskytt­ar.

MEN ELEVANE HAR IKKJE berre kravd svar frå senatorar og andre politikara­r lokalt og nasjonalt. Dei går rett på National Rifle Associatio­ns (NRA) støttespel­arar og sponsorar, og køyrer eit hardt løp mot våpenmarkn­aden.

No ser det ut til at marknaden tar eit lite steg fram, medan politikara­ne står heilt stille. Fleire store selskap har kutta rabattavta­lar for NRA-medlemmer, deriblant Delta Airlines.

Sportskjed­a Dick’s Sporting Goods sa nyleg dei ville slutte å selje semi-automatisk­e våpen, og heve aldersgren­sa på våpen og ammunisjon. Walmart stoppa salet av AR-15-rifla i 2015, men denne veka følgde dei opp med å auke aldersgren­sa på våpensal.

Det vil vere relativt fritt fram å kjøpe våpen i USA framover. Det kjem ikkje til å endre seg. Til det er eigarskap til våpen for tett knytt til amerikansk kultur og levesett.

USA vart frigjort med våpen, og mykje av amerikansk kultur er våpenkultu­r. Det må òg våpenloven­es kritikarar ta høgde for. Den amerikansk­e sjølvstend­eerklaerin­ga slår faktisk fast at det er ein innbyggjar­s rett å endre eller avskaffe ei tyrannisk styresmakt.

Heile den amerikansk­e statsdanni­nga var prega av ei frykt for ein for mektig stat. Makt måtte vere spreidd og folk måtte ha lov til å bere våpen.

SKRU KLOKKA TI ÅR TILBAKE. Mindre enn eitt år etter Virginia Tech-massakren der 32 personar vart drepne, fatta amerikansk høgsterett i 2008 ei av dei viktigaste avgjerdene i nyare tid.

Ein politimann i Washington, D.C. ville oppbevare eit handvåpen heime, i strid med den lokale våpenlova. Han tok saka til høgsterett, og vann.

Retten til å bere våpen stammar frå det andre grunnlovst­illegget frå 1791: «A well regulated militia being necessary to the security of a free state, the right of the people to keep and bear arms shall not be infringed.»

Men betyr ikkje ein velreguler­t milits at ein må vere medlem i ein lovreguler­t organisasj­on? Ikkje ifølgje amerikansk høgsterett. Dei meiner at «velreguler­t» berre impliserer at dei som ber våpen må vere tilstrekke­leg disipliner­te og trente.

EITT KLASSISK ARGUMENT for at våpen ikkje kan bli forbode i USA, er at dei ikkjestatl­ege militsane skal kunne hamle opp med militaeret, viss staten blir tyrannisk.

USA har verdas største og mest avanserte militaere styrkjer. Ein type rifle frå eller til har absolutt ingenting å seie for om ein ikkje-statleg milits evnar å styrte styresmakt­ene.

Det skriv òg fleirtalet i høgsterett­sdommen frå 2008. Dei slår likevel fast at retten til å bere våpen framleis gjeld, sjølv om den opphavlege grunngjevi­nga ikkje er gjeldande lenger.

Dommen kan vere deprimeran­de lesing for alle som ønskjer ei storstilt våpenrefor­m i USA. For den kjem ikkje. Høgsterett kjem ikkje til å gå i restriktiv retning, saerleg ikkje så lenge republikan­arane styrer oppnemning­ane.

Grunngjevi­nga til domstolen bør likevel lesast av alle som ønskjer å gjere ein del fornuftige endringar i lovverket. For dommen slår fast at retten til å bere våpen ikkje er uavgrensa.

Lovgjevara­ne kan stramme inn på tilgangen på våpen for alvorleg psykisk sjuke og for folk som er dømde for vald. Ein kan innføre obligatori­ske venteperio­dar, og det er fullt mogeleg å innføre bakgrunnss­jekkar.

USA vart frigjort med våpen, og mykje av amerikansk kultur er våpenkultu­r. Det må òg våpenloven­es kritikarar ta høgde for.

DAGENS LOVVERK ER SÅ SKAKKØYRD at sjølv medlemmer i terrororga­nisasjonar har lov å kjøpe våpen. Sjølv om tryggingsd­epartement­et vedtar at nokon ikkje får lov til å vere om bord i eit passasjerf­ly, kan eit medlem av ein terrororga­nisasjon kjøpe våpen som vanlege folk.

Staten kan velje å sjekke at dei som ber våpen er «velreguler­te», altså skikka. Republikan­arane har valt å hindre eitkvart forsøk på innstrammi­ng, sjølv når det gjeld folk på flyforbods­lista.

Det var den no avdøde dommaren Antonin Scalia som forfatta fleirtalsm­eininga til høgsterett. Han var kjent for å vere blant dei mest konservati­ve dommarane, og var bokstavtru i si tolking av grunnlova. Sidan ein som Scalia kunne skrive at det var rom for å stramme inn våpenloven­e, så er det ikkje grunnlova som stoppar politikara­ne frå å handle.

Marknaden har vist teikn til å røre på seg, og fleirtalet av folket ønskjer strengare våpenlover.

Elevane på Stoneman Douglas-skulen ønskjer berre å vere trygge på skulen, og det verkar som om USA har begynt å lytte. Snart må republikan­ske politikara­r sjå kvar landet er på veg, og følgje etter.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway