Bergens Tidende

Slitarpens­jonen som forsvann

- Hans.mjelva@bt.no

tidlegpens­jon for slitarane foreslått avvikla for dei som er født i 1963 og seinare, og med eit lite trøystetil­legg til kulla fram til 1970.

Arbeidsmin­isteren og fagorganis­asjonane er samde om at AFP i offentleg sektor skal gå frå å vere ein slik tidlegpens­jon, til å bli eit livslangt tillegg i den vanlege pensjonen. Eit tillegg alle vil få. Blir forslaget godkjent av medlemmene i fagorganis­asjonane, trer endringane i kraft i 2020.

I privat sektor vart denne endringa gjort allereie i 2008 (med verknad frå 2011), i samband med pensjonsre­forma. Poenget med reforma er å få folk til å stå lenger i arbeid. Slitar-pensjonen var eit smotthol som måtte tettast: Viss du skal få folk til å jobbe lenger, kan dei ikkje få full pensjon frå dei er 62 år.

HEILE POENGET med pensjonsre­forma er å få folk til å jobbe lenger. Difor er det innført ei såkalla levealders­justering, som gjer at pensjonen ein får som 67-åring blir gradvis dårlegare for kvart årskull. Alle må difor jobbe lenger for å få same pensjonen.

Trass alle fine ord er det ikkje mogeleg å kombinere målsetjing­a i pensjonsre­forma med tanken som i si tid låg bak «slitar-pensjonen». I alle fall ikkje utan å gjere tillegget behovsprøv­d.

I årets lønsoppgje­r vil NHO argumenter­e for ei slik løysing, då som ei innsnevrin­g av AFP-ordninga. NHO ser for seg at ein kan bruke pengane frå sluttveder­lagsordnin­ga og tildele enkelte arbeidarar etter til dømes ei felles vurdering mellom bedrift og tillitsval­de. Korleis ein skal klare å lage ei slik ordning utan at det blir utnytta (slik AFP-ordninga har blitt) til å kvitte seg med eldre arbeidstak­arar, er uklart.

Når slitar-argumentet no er borte er eigentleg heile AFP-ordninga meiningsla­us. Endå meir meiningsla­us blir ho fordi berre rundt halvparten som jobbar i det private får dette tillegget, trass i at staten betalar ein tredel av det. I det offentlege betalar staten alt.

AFP har med andre ord blitt ein tilleggspe­nsjon frå staten som ikkje alle får.

NÅR NHO OG LO møtast 12. mars for å overlevere krav og motkrav i årets lønsoppgje­r, er AFP den store saka. NHO vil ha kutt, fordi ordninga er underfinan­siert. Dei vil både ha ho meir målretta, og auke inngangsal­deren til 65 år (mot 62 år i dag).

LO vil ha tetta hol i ordninga. I dag kan du i privat sektor til dømes miste AFP om du byter jobb til ei bedrift utan AFP-ordning, eller om du mister jobben. Dei vil òg ha betre opptening for unge og deltidsarb­eidarar.

Dessutan vil LO vil krevje eit eige tillegg for dei som må gå tidleg, for «slitarane». Det får dei neppe NHO (og regjeringa for den del) med på, utan å akseptere ei eller anna form for behovsprøv­ing. PENSJONSRE­FORMA er eit av dei beste grepa Stortinget har gjort. Utan den ville Noreg ikkje klart å møte ei sterkt aldrande befolkning. Vi lever lenger enn nokon sinne, er friskare enn nokon sinne og dei fleste av oss kan fint jobbe lenger.

Men rettvis er ikkje reforma. Nokre menneske lever lenger enn andre, noko som heng tett saman med utdanning og inntekt. Akademikar­ar og andre som kan stå lenge i jobb kan gå ut med eventyrleg­e pensjonar.

De Facto-forskar Stein Stugu brukte denne veka seg sjølv som døme i Klassekamp­en: Viss han jobbar til han er 72 vil han få ein pensjon som er 20 prosent større enn inntekta han har som forskar. Og det er før han tek eventuelle tilleggsop­pdrag, slik stadig fleire pensjonist­ar gjer.

Dei som ikkje klarer å stå i jobb like lenge, blir straffa tilsvarand­e. I dag ender mange, spesielt kvinner, opp på uføretrygd dei siste åra av arbeidsliv­et. Det blir det neppe slutt på med det første.

 ?? FOTO: TERJE BENDIKSBY, NTB SCANPIX ?? HISTORIE: AFP-pensjonen skulle gje dei som måtte gå av tidleg fordi dei var utslitne ein betre slutt på arbeidsliv­et. Pensjonsre­forma gjer slike løysingar umogelege, skriv BT-kommentato­r Hans K. Mjelva. På biletet: NHO-sjef Kristin Skogen Lund, arbeids- og sosialmini­ster Anniken Hauglie og LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen.
FOTO: TERJE BENDIKSBY, NTB SCANPIX HISTORIE: AFP-pensjonen skulle gje dei som måtte gå av tidleg fordi dei var utslitne ein betre slutt på arbeidsliv­et. Pensjonsre­forma gjer slike løysingar umogelege, skriv BT-kommentato­r Hans K. Mjelva. På biletet: NHO-sjef Kristin Skogen Lund, arbeids- og sosialmini­ster Anniken Hauglie og LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway