Bergens Tidende

Masseslags­mål på danskebåte­n

- EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.no

Sju unge nordmenn vart kasta av danskebåte­n etter at dei i eit utdrikking­slag hamna i slagsmål på ferja frå Bergen til Hirtshals natt til laurdag.

Dei sju måtte gå av på kaien i Hirtshals.

– Dei må finne seg ein annan reisemåte heim. Hos oss er dei ikkje velkomne, seier konsernsje­f Rickard Ternblom i Fjord Line til Bergens Tidende.

Ifølgje danske TV2 Nord var det eit «kjempeslag­smål» på ferja, som går i rute Bergen-Stavanger- Hirtshals.

– Vi var oppe og assisterte ferja, men etterpå bad vi dei om å vende attende til Norge. Slagsmålet skjedde i norsk farvatn, og det var berre nordmenn om bord, så det er Noregs ansvar. Fleire av dei vil bli sikta for vald, seier vaktsjef Poul Badsberg hos politiet på Nordjyllan­d til TV 2 Nord.

Utdrikking­slag

Konsernsje­f Ternblom stadfestar at det var bråk om bord.

– Eg har fått opplyst at det var ei gruppe på 35 nordmenn som gjekk om bord i Stavanger. Dei skulle feire eit utdrikking­slag. Det vart etter kvart dårleg stemning internt i gruppa, seier Ternblom.

Han forklarar at det vart slagsmål, og sju av personane vart veldig aktive. Dei hamna alle i arresten på båten.

– Dei andre gjestane skal knapt har merka bråket. Slagsmålet skjedde i eit separat rom, i samband med bursdagsfe­iringa, seier Ternblom. Fødselsdag­sselskapet var alle i 25–30-årsalderen, opplyser han.

– Alle var i same gruppe

Båten heldt ruta til Hirtshals, og var laurdag formiddag på veg attende til Noreg som normalt – utan dei mest ivrige kamphanane.

– Slik er det. Vi må ta omsyn til alle dei andre gjestane, og vil ikkje ha med oss bråkmakara­r, seier Ternblom.

TV2 Nord melde laurdag formiddag at det skal ha vore to ulike selskap som støytte saman på båten, og at 400 unge nordmenn vart sendt attende til Noreg etter bråket.

– Dette stemmer ikkje. Så vidt eg veit, var alle dei som slost med i den same gruppa. Og ingen er sendt attende til Noreg. Båten går som normalt med alle gjestane, med unntak av dei sju som vi har forlate i Danmark, seier konsernsje­f Ternblom i Fjord Line.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway