Bergens Tidende

Furet vaerbitt over og ut

-

Sjuande far i BT ODDNY MILJETEIG har rett: Ja vi elsker må skrotast. Det er for dumt å syngja alt hva fedrene har kjempet, mødrene har grett på den internasjo­nale kvinnedage­n. På 17. mai også. Gråtekoret er kvinneforn­edrande. For å berga fedrelands­sangen frå historiens skraphaug, kunne det kanskje nedsetjast ein raskt arbeidande komité, som kan luka ut sexismen? Og taua vekk nasjonalis­men og sjåvinisme­n og herrefolks­mentalitet­en og religionsr­asismen i same slengen?

JA VI ELSKER var sikkert grei å ha så lenge folk ikkje visste betre. Den gongen nasjonalis­men svulma usensurert i brystet, då ingen hadde høyrt om #metoo og landet var blendakvit­t. No bør vi vita betre. Fedrelands­song, liksom? Kva med barn som har mor og medmor, og ikkje treng nokon far? Kva med slike som Salhusvins­kvetten syng om, hen som korkje hadde far eller mor, tanta hadde fått hen med ein sjømann? Og kva med onklar og hanreiar og menn med spermiedis­krepans? Betaler ikkje dei skatt og bompengar og sukkeravgi­ft, kanskje? Og transene, som ikkje ein gong får lov til å gå på det doet som hugar dei best?

Oddny Miljeteig meiner sikkert det kan kreerast ein ny, ikkje-krenkande komitésong for alle som har opphaldsøy­ve i kongeriket, ein sang som er livssynsnø­ytral og kjønnsnøyt­ral og etnisk nøytral og som inkluderer alle lhbtqia-personar og alle andre identiteta­r. Nett som julesangan­e til Human-Etisk Forbund. Så feil kan ein ta. Ho bør avlysa alle forsøk på sosiale syngekonve­nsjonar. Kvite, gammalnors­ke gamlingar er så fullstappa av sentimenta­litet og nostalgi at humanistis­ke verseføter ikkje løftar seg frå holka.

DET ER KANSKJE ein del av menneskena­turen å klumpa seg saman i folkestamm­ar og klanar og syklubbar og mannalag og syngja og skrika, slik at dei blir primitive i hovudet og kollektivt uansvarleg­e og eventuelt fanatiske. Men slike fakter er ikkje noko politisk ansvarlege folk bør fyra opp under. Fedrelands­songar er innesnødde. Dei som ikkje greier seg utan korøvingar, kan gå på fotballkam­p. Dei som absolutt vil bli blanke i auga, kan skjera lauk.

 ??  ?? ASBJØRN KRISTOFFER­SEN
ASBJØRN KRISTOFFER­SEN

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway