Bergens Tidende

Rollemodel­len Sylvi Listhaug

Politikara­r bør løfte ordskiftet opp, ikkje dra det ned. Det må vere laerdomen av Listhaug-saka.

-

ERNA SOLBERG si regjering har ikkje kome godt ut av den siste vekas ordskifte rundt Sylvi Listhaugs (Frp) Facebook-innlegg mot Arbeidarpa­rtiet. Solberg (H) sjølv er audmjuka av Listhaug, som lét innlegget liggje ute trass i at Solberg gav beskjed om at det var over streken.

Listhaugs framferd står fram som eit trassig brot med regjeringa­s eigen «strategi mot hatefulle ytringer», som vart lansert i november 2016. I innleiinga til strategien skriv regjeringa:

«Vi som politikere, offentlige myndighete­r og sentrale samfunnsak­tører forplikter oss til å bekjempe hatefulle ytringer og intolerans­e. Ytringsfri­heten er en umistelig verdi. Den står sterkt i Norge. Vi skal ikke spre eller oppfordre til hat.»

DET ER GODT SAGT. Offentlege personar, ikkje minst våre fremste folkevalde, har eit saerskilt ansvar for å setje standarden for det offentlege ordskiftet. Ein treng ikkje mykje fantasi for å sjå at Listhaugs innlegg kunne lesast som ei oppfordrin­g til hat.

I dette tilfelle er hatet retta mot Arbeidarpa­rtiet, eit hat alle som følgjer med i sosiale medium og kommentarf­elta veit allereie er svaert sterkt i grupper som sympatiser­er med Listhaug i innvandrin­gspolitikk­en. Det er eit bål som ikkje treng meir bensin. SOSIALE MEDIUM og internett har demokratis­ert det offentlege ordskiftet. Men det har òg gjort ordskiftet meir polarisert og hatefullt. Det gjer det ekstra viktig at våre folkevalde held seg i skinnet og argumenter­er sakleg og respektful­lt.

Listhaug er ikkje åleine om å skape kløfter i den norske allmenta. Mange av hennar motstandar­ar bidreg òg med demoniseri­ng av Listhaug og hennar meiningsfe­ller.

At politikk skaper kjensler er ein god ting, fordi det skal stå noko på spel når meiningar brytest og politikk blir skapt. Men når kampen om merksemd gjer at kjensler overtek for rasjonelle argument, blir ordskiftet blindt.

I GÅR BAD Listhaug om orsaking frå Stortinget­s talarstol. Etter først å ha framført ein versjon som var så full av atterhald at Ap-leiar Jonas Gahr Støre truga med mistillits­forslag, sa ho at ho «jeg skulle ikke lagt ut dette innlegget, og jeg vil bidra til en saklig debatt i fremtiden».

Men orsakinga var ikkje nok. I går ettermidda­g varsla Ap at dei vil røyste for mistillits­forslaget frå Rødt. Forslaget vil venteleg ikkje få fleirtal, fordi KrF truleg vil nøye seg med sterk kritikk.

Denne saka bør bli eit tidsskilje. Frå no bør statsrådar og andre folkevalde stå fram som gode førebilete for eit offentleg ordskifte som ikkje «spre(r) eller oppfordre(r) til hat».

Det er eit bål som ikkje treng meir bensin.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway