Bergens Tidende

Haldt på dei rettelege fylkesnamn­i

-

Fylki lyt freista vera berarar av lokal identitet i fyrrtid, samtid og framtid, og namnet er det fremste merket åt fylket.

Formann, Høgnorskri­ngen ordskiftet um nye fylkesnamn, legg me fram nokre grunnsetni­ngar me meiner nye fylkesnamn bør fylgja:

Fylkesnamn­i skal halda i haevd historiske fylkesnamn, taka vare på dei gamle namni som er i bruk, eller henta fram att gamle landskaps- eller fylkesnamn um det trengst.

Fylkesnamn­i skal høva geografisk og historisk godt til dei landskapi fylket skal femna um.

Fylkesnamn­i skal hava ei form som høver med norskt mål, og rettskrivi­ngi på både bokmål og nynorsk når det er råd.

Dei arbeidsutk­asti til fylkesnamn som hev vore bruka, og dei namni som hev kome ut av samanslåin­gsavtalor, fylgjer ikkje heilt desse grunnsetni­ngane.

INNLANDET ER DET namnet me meiner er verst. Oppland og Hedmark fylke samsvarar tolleg godt med dei historiske Upplandi. Hedmark er i røyndi eitt av upplandi, det som ligg rundt Hamar, og vert teke vare på som namn på nett det landskapet. Oppland derimot er mest berre nytta som fylkesnamn i dag, og dette gode gamle fylkesnamn­et gjeng venteleg or bruk um me ikkje held det uppe nettupp som fylkesnamn.

Me meiner det nye fylket etter gjeldande rettskrivi­ng lyt heita Oppland, eller Opplandi i bundi form. Er grannekive­t for stort og det vert politisk umogeleg å få det som i dag vert kalla Hedmark fylke inn i eit fylke som hev det dei i det seinaste hev kjent som namnet på grannefylk­et, er Hedmark og Oppland fylke einaste utveg.

Innlandet er ikkje eit norskt stadnamn, det er eit heller nytt påhitt. Samnemnare­n på landskap som ligg innanfor Oslofjorde­n er «uppland», og det namnet må ikkje ei regionrefo­rm få vraka.

VIKEN KANN IKKJE eit fylke heita. Etter grunnsetni­ng tre lyt det heita Vika. Geografisk og historisk er dette eit låkt namn for landskapi som ikkje ligg ved Oslofjorde­n, so som Romerike og Ringerike (som i røyndi er uppland), og til fjells i Numedal og Hallingdal.

Me hev ikkje noko godt framlegg til denne løgne fylkesskap­naden; det famnar so altfor mykje.

Vika eller Vingulmark hentar like vel fram eldre landskaps- og fylkesnamn, og er ikkje so ille, endå Oslo burde høyra med til desse. Vingulmark høver best med kartet. Vingulmark var fylket i Viki som femnde um fjordlands­kapi frå Svinesund til og med Hurumlande­t, so som det nye fylket òg skal gjera.

Til Viki vart òg Ranrike, Vestfold og Grenland rekna. Framlegget Folda vil me heller ikkje avdøma, men me tykkjer det er rart når Vestfold ikkje er med. VESTLANDET STEMMER ENDÅ mindre med kartet. Sunnmøring­ar, ryger og jaerbuar rasar med retto mot at dette namnet vert trive frå deim av ei helvt av landsluten. Vestlandet er heller ikkje eit tradisjone­lt fylkesnamn. Dei gamle fylkesnamn­i i denne landsluten greider seg etter måten godt. Hordaland kjem vel kor som er til å liva i namni Sunnhordla­nd og Nordhordla­nd, sameleides som det gamle Vossavelde­t hev greidt seg til no.

Me tykkjer like fullt hordane burde vera med i eit fylkesnamn, slik som rygene er det i Rogaland. Dette er uhorveleg gamle namn.

Det beste for dette nye fylket trur me er Hordaland, Sogn og Fjordane, eller Hordaland, Sygna og Firda der ein ser att dei rettelege fylkesnamn­i Sygna- og Firdafylki. Tri namn på eitt fylke er venteleg ikkje ynskjeleg, men det synest uklokt å leggja fram namn som ikkje gjer rett og skil mot jamhaeve landskap med hevdvunne fylkesnamn og sterk identitet.

Nokre andre historiske namn er dregne fram, som ikkje er so galne. Bjørgvin og Gula er gode namn, men ikkje røynelege fylkesnamn. Dei høyrer til det mynsteret som er for bispedøme (bispesaete­byen) og domstolar (gamal tingstad).

ME HEV HØYRT REGIONALE og sentrale politikara­r taka lett på namneval, og kalla det for den minst viktuge saki i ei regionrefo­rm. Det er me slett ikkje samde i. Av partii som stend attum reformi, er dei største jamvel mest for å leggja ned fylkeskomm­unen, og me ottast utfallet um slike haldningar ligg i botnen når fylkesskip­naden vår vert lagd um.

Folk og fylke fortener betre.

Namn på folkeslagi kringum i landet vårt hev ofte samsvara med namnet på fylki, og er det beste me hev til å skapa samhøyr og tilhøyr til tuft for regionalt folkestyre.

Denne fråsegni kjem frå årsmøtet i Høgnorskri­ngen, som gjeng sterkt imot fylkesnamn­i Innlandet, Viken og Vestlandet.

 ?? ARKIVFOTO: GORM KALLESTAD / NTB SCANPIX ?? OLE KRISTIAN GRØNNENG NAMNEBYTE: Me tykkjer at hordane burde vera med i eit fylkesnamn, slik som rygene er det i Rogaland. Dette er uhorveleg gamle namn, skriv Ole Kristian Grønneng i Høgnorskri­ngen.
ARKIVFOTO: GORM KALLESTAD / NTB SCANPIX OLE KRISTIAN GRØNNENG NAMNEBYTE: Me tykkjer at hordane burde vera med i eit fylkesnamn, slik som rygene er det i Rogaland. Dette er uhorveleg gamle namn, skriv Ole Kristian Grønneng i Høgnorskri­ngen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway