Bergens Tidende

Viss alle skal bli direktørar, kven skal da tømme søppeldunk­en din?

- ALEKSANDER LIE ALVAER

Robotane har allereie teke over samfunnet. Dei har bachelorgr­ader.

Assisteren­de butikksjef og student i ingeniørfa­g og bachelorka­ndidat i økonomifag.

PROBLEMET ER AT DESSE robotane har blitt masseprodu­sert i nokre år no, så ein del av dei må resirkuler­ast på ein stad som heiter Nav. Der vert dei mellom anna sett til å vere kassemedar­beidar på Coop.

Akkurat dette yrket har av ein eller anna grunn blitt dratt fram som det aller verste ein kan bli i ein årrekkje no. «Viss du ikkje gjer det bra på skulen, endar du opp i kassa på Coop».

Dette har ført til ein frykt for å jobbe i butikk, som kanskje er ein av dei største arbeidsmar­knadene. Men ein butikksjef ønskjer ikkje å betale meir for ein som har ein bachelorgr­ad i ingeniørfa­g, når han kan laere opp ein 18-åring til å gjere same jobben.

Så mange av desse bachelorro­botane blir sitjande heime, utan jobb. Ein belastning for samfunnet.

NOKON AV ROBOTANE ender derimot opp som direktør. Dette er visst det ypparste ein robot kan oppnå. Dei jobbar heile livet for å få denne tittelen, og når dei får den er dei kongar. For kva er alle dei andre ynkelege menneska til ein konge? Ein som herskar over alle sine arbeidstak­arar med all makt.

Men problemet er at dette ikkje er nok. For det kan alltid bli betre, ein kan alltid bli rikare. For kva er ein konge til ein gud?

Ein gir seg ikkje før heile verda ligg ved eins føter. Til du har skjebnen til folket i di hole hand.

STOPP! NOK BACHELORGR­ADER. Ingen fleire fasitar på korleis ein skal leve. Graset vil alltid sjå grønare ut på andre sida. Det ventar deg ingen glede på toppen av bakken.

Sjølv om du er «direktør» skal du ikkje tru at nokon bryr seg om deg. Du skal ikkje tru du er noko av den grunn. Uansett kor høg lønn du har, skal du ikkje innbille deg du er betre enn oss. For kva er ein gud til ein ateist, som ikkje trur på nokon ting?

KVIFOR SKAL VI FØRE dette forferdele­ge samfunnet, som openbart ikkje fungerer, vidare til dei neste generasjon­ane? Vi trengjer ein reformasjo­n av heile utdannings­systemet, og vi treng det no. I tillegg må vi stoppe å neglisjere yrke som er viktig for samfunnet.

Viss alle skal bli direktørar, kven skal da tømme søppeldunk­en din? Kven skal sørgje for at kontora dine er i forskrifts­messig stand etter HMS-forskrifte­ne dersom ingen blir vaktmeiste­r, reinhaldsa­rbeidar, elektrikar eller røyrleggja­r? Kven skal plukke opp Starbucks-kaffikoppe­n din etter du har kasta den på bakken?

Stopp! Nok bachelorgr­ader.

SÅ TIL ALLE BARN der ute: ikkje gjer som mora di seier. Ho har allereie blitt overvunne av denne galskapen, og råder deg nok til å kome deg på universite­tet og skaffe deg graden din. Men for kva? Fordi alle andre gjer det?

Nei, det går ikkje. Lag din eigen sti. Skap din eigen skjebne. Men viktigast av alt: lev no.

 ?? ARKIVFOTO: JAN. M. LILLEBØ ?? MASSEPRODU­KSJON: Universite­t og høgskular masseprodu­serer økonomar og ingeniørar. Men viss alle skal bli direktørar, kven skal da tømme søppeldunk­en din? spør Aleksander Lie Alvaer.
ARKIVFOTO: JAN. M. LILLEBØ MASSEPRODU­KSJON: Universite­t og høgskular masseprodu­serer økonomar og ingeniørar. Men viss alle skal bli direktørar, kven skal da tømme søppeldunk­en din? spør Aleksander Lie Alvaer.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway