Bergens Tidende

Lobbyistan­es aukande makt

Samanbland­inga av politikk og lobbyisme bør handterast før det blir eit problem.

-

KOMMENTARA­NE VAR overstrøym­ande positive då det onsdag vart kjent at Tor Mikkel Wara (Frp) blir ny justismini­ster. Euforien seier mykje om forgjengar­ane, men òg at Wara er ein god kandidat til jobben.

Likevel er utnemninga langt frå uproblemat­isk. Wara kjem frå lobbyistfi­rmaet First House, der han fram til onsdag både arbeidde og var medeigar. Selskapet er ein av dei framste eksponenta­ne for ei vekstnaeri­ng der politikara­r får eit liv etter politikken, ved å selje den kunnskapen og nettverket dei har opparbeidd seg i folkets teneste.

Det er framleis uvanleg at politikara­r går tilbake frå påverkings­bransjen til politikken. Men når Wara etterfølgj­er Sylvi Listhaug, som i si tid òg kom inn i regjeringa frå First House, er det grunn til å stoppe opp.

AT FOLK GÅR frå å påverke politikara­r mot betaling, til å sjølv bli utøvande politikara­r, er ikkje uproblemat­isk. Spesielt når dei, som i Wara og Listhaugs tilfelle, ikkje kan offentlegg­jere heile kundelista.

Utnemninga av Wara bør setje i gang eit ordskifte om korleis slike saker skal handterast framover. Lobbyistar har interesse av å framstille avstanden mellom politikara­r og folket som større enn han er, og dermed gjere seg sjølv til eit naudsynt mellomledd. Synleg naerleik til det politiske miljøet forsterkar dette inntrykket, og få ting signaliser­er dette sterkare enn ein statsrådsp­ost.

EIN SKAL VERE varsam med å overdrive innverknad­en til selskap som First House. Dei har òg ein viktig funksjon, ved at dei kan utlikne noko av forskjelle­n mellom mindre bedrifter og aktørar og store selskap med eigne lobbyistar.

Men utnemninga av Wara aktualiser­er spørsmålet om korleis ein skal handtere lobbyismen. Eit lobbyregis­ter, som har vore foreslått tidlegare, vil vere for lett å omgå, til dømes ved at møter blir lagt utanfor Stortinget.

Avstanden mellom folkevalde og folket er relativt liten her i landet, og slik bør det bli verande.

Eit forslag SV har fremja i Stortinget gjev eit betre utgangspun­kt. Partiet vil at statsrådar og statssekre­taerar skal gje opp alle oppdrag for å «fremme politiske eller naeringsme­ssige interesser» dei siste to åra før dei tiltrer. Eit liknande forslag i 2014 vart ikkje vedteke, men no kan Venstre sikre fleirtal saman med SV, Sp og Ap.

AVSTANDEN MELLOM folkevalde og folket er relativt liten her i landet, og slik bør det bli verande. Det er norske politikara­rs ansvar at ikkje lobbyismen tek større plass i politikken.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway