Bergens Tidende

Staten må ta regningen for norsk kulturarv, ikke bonden

- CHASE A. JORDAL

Nestleder, Bergen Senterpart­i SAMBAND MED PÅSKA dette året kom biskop Per Arne Dahl og preses Helga Byfuglien med tankevekkj­ande innlegg i dagspressa til deg og meg. Alle oss statskyrkj­emedlem, og dei som av ulike årsaker ikkje er der.

Per Arne Dahl konstatere­r at påskebodsk­apen er irrelevant for altfor mange, medan Byfuglien peiker på at landet vårt syner motsett utvikling om vi samanlikna­r oss med t.d. katolske land.

Eg trur diverre svaret på tomme kyrkjer er ganske enkelt.

I FJOR VAR EG i Dublin i påska. Det var fleire gudstenest­er for dagen i det fleirkultu­relle samfunnet. 1. påskedag var kyrkja så full at eg måtte stå bakarst ved utgangen. Eg tenkte kor mange rockestjer­ner og konsertare­naer rommar ikkje denne byen? Kor mange har vore i alle kyrkjene i Dublin denne påska? Veldig mange.

Langt frå dei 30 eller drygt 20 vi høyrde om på TV 2 Nyheitskan­alen, som møtte opp i Johannesky­rkja i Bergen langfredag. Den mest heilage og dramatiske dagen i året for alle kristne.

Det er meir enn 20-30 sjeler i Bergen som trur på Jesus og at han sto opp tredje dag. Men kyrkjene har gått tom for straum. Den norske kyrkja har berre batteri til ein kveld i året, julaftan. Så dabbar det av før det døyr heilt til pinse. Då sjølve mysteriet og poenget med juleevange­liet og påskebodsk­apen vert stadfesta.

KYRKJA STÅR TOM som om ho var død, når ho skal forkynne at Den heilage ande kjem til oss og skapar tru og evig liv blant kvar den som vil, uansett ståstad i livet eller kvar du vart fødd.

I Dublin har eg mine naeraste vener og kollegaer. Dei er katolikkar. Ei av dei fortalde meg om Den heilage ande, korleis han som den tredje personlegd­omen i treeinighe­ita fungerer for deg og meg her i verda og i liv og død. Dette er kunnskap som katolikkan­e får inn med morsmjølka.

Kyrkjene som ikkje forkynner Den heilage ande, han som reiser Kristus opp frå grava tredje dag, blir stadig tommare. Medan t.d. dei katolske kyrkjene lev vidare. Dei anerkjenne­r sjølve grunnlaget for all kristen tru og forståing, Anden sjølv.

EG FEKK PÅ KJØKENBENK­EN den dagen, i samtale med ein økonom, oppdratt som katolikk, innsikt i det eg mangla for å forstå mi eiga lutheransk­e kristendom. Når eg har fått kunnskapen og forståinga av Den heilage ande på plass, har eg fått hand om ladaren til verdas viktigaste iPhone. iPhonen låg der med alle sine uunnverleg­e funksjonar til inga nytte fordi batteriet var tommare enn Johannesky­rkja langfredag.

Per Arne Dahl og Helga Byfuglien har saman med dei andre biskopane og prestane i Den norske kyrkja ikkje lukkast formidle den tredje personlegd­omen i trua vår. Det lyt de gjere noko med. Det er dykkar ansvar i dykkar tid å ta dette på alvor.

De har mykje å gjere. SJØLV HAR EG ERFART at gjennom livets verste stormar og orkanar kan ingen hjelp måle seg med den hjelpa du får i møte med Jesus, sett at du har eit aktivt forhold til han. Det får du ikkje ved å t.d. hengje på sosiale medier, men med eigentid med skaparen i form av bøn og bibel.

Så enkelt, så kjedeleg, vil du kanskje seie. Nei, på ingen måte. Men det er ein prosess, på same måte som du må gjennom tøffe tak før du har fått på plass toppforma i joggeløypa eller på treningsse­nteret. Det er ikkje alltid du elskar tanken på å springe, men den gode helsa kan du ikkje la forfalle.

Berre eit forsvinnan­de fåtal av soknebarna til kyrkjene under Helga Byfuglien sitt embete har eit aktivt bøneliv. Det blir som å ikkje ha ein iPhone i det heile tatt.

I STADEN FOR å invitere til yoga og kultur, bør bønekultur­en takast på alvor. Eg hadde som vanleg lutheranar, oppalen i ein fri heim av ein Ap-far og Sp-mor, ikkje nok kunnskap om eiga tru. Eg fekk ikkje og fann ikkje der eg søkte i mi kyrkje i mitt land, men via ein katolsk økonom på eit kjøken i Dublin.

Med tredje personlegd­om i treeinighe­ita på plass, forstår eg kyrkja mi. Eg er ofte innom kyrkja i Førde når eg er der, ei av dei mest brukte i Bjørgvin bispedøme. Eg har tenkt at viss folk visste kor mykje hjelp, kraft, gjennombro­t og gjenopprei­sing ein får av søkje Jesus i ei heilt vanleg kyrkje, hadde det vore kamp om plassane.

Eg fekk ikkje og fann ikkje der eg søkte i mi kyrkje i mitt land, men via ein katolsk økonom på eit kjøken i Dublin.

ELLER KANSKJE SLIK som i Dublin, der lyt kyrkjene ha fleire gudstenest­er om dagen for at alle skal få plass. Dei har alltid med ladaren til iPhonen, slik at dei alltid har tilgang på alle funksjonan­e og tenestene denne fantastisk­e skapningen har å tilby.

Viss Byfuglien og hennar mannskap ikkje har mannskap til å formidle kunnskapen om Den heilage ande og krafta i Jesus, som uansett skapar oppstode både før og no og alltid vil, kva er då poenget med Den norske kyrkja?

 ?? ARKIVFOTO: ODD E. NERBØ ?? JOHANNESKY­RKJA: Det er meir enn dei 20-30 sjelene som møtte opp i Johannesky­rkja langfredag som trur på Jesus og at han sto opp tredje dag. Men kyrkjene har gått tom for straum og har berre batteri til ein kveld i året, julaftan, skriv innsendare­n.
ARKIVFOTO: ODD E. NERBØ JOHANNESKY­RKJA: Det er meir enn dei 20-30 sjelene som møtte opp i Johannesky­rkja langfredag som trur på Jesus og at han sto opp tredje dag. Men kyrkjene har gått tom for straum og har berre batteri til ein kveld i året, julaftan, skriv innsendare­n.
 ?? ARKIVFOTO: TOR HØVIK ?? FRYKTER FUNN: Mange bønder frykter at skal gjøres funn av viktige kulturskat­ter på deres grunn, skriver innsendere­n. Bildet er fra en arkeologis­k utgraving på Sotra i fjor sommer.
ARKIVFOTO: TOR HØVIK FRYKTER FUNN: Mange bønder frykter at skal gjøres funn av viktige kulturskat­ter på deres grunn, skriver innsendere­n. Bildet er fra en arkeologis­k utgraving på Sotra i fjor sommer.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway