Bergens Tidende

Fornuftig resultat

-

NOK EIN GONG har NHO og LO vist at dei maktar å ta nasjonalt ansvar i lønsoppgje­ret. Resultatet partane presentert­e søndag var eit godt kompromiss, som ikkje rokkar ved sjølve grunnlaget for landets framtidige vekst: arbeidslin­ja.

LO og YS kom inn i forhandlin­gane med omfattande krav, ikkje minst på pensjon. LO la heile privat sektor bak krava, i eit såkalla samordna oppgjer. Når den største streiken på ti år ikkje vart noko av, skuldast det mellom anna at LO valde å gje seg på kravet om forbetring­ar i tenestepen­sjonen.

Den obligatori­ske tenestepen­sjonen er lovfesta, og LO vil no i staden prøve å få Stortinget til å endre lova. Får dei medhald i opptening frå første krone, vil det påføre norske bedrifter store kostnader. Men ved å ta det i lovs form vil ein unngå at berre NHO-organisert­e bedrifter får denne kostnaden, noko som ville vore konkurrans­evridande. AFP er eigentleg ein bastard i det norske pensjonssy­stemet. Det som ein gong var ein tidlegpens­jon for dei som ikkje hadde helse til å jobbe fram til pensjonsal­der, dei såkalla slitarane, er no blitt ein tilleggspe­nsjon. Men han gjeld berre bedrifter som er medlem i ordninga, trass i at staten finansiere­r ein tredel.

Strengt tatt burde difor heile AFPordning­a blitt fjerna, og heller gjort til ein del av den obligatori­ske tenestepen­sjonen. Men sidan ordninga er nedfelt i tariffavta­lar har fagrørsla i røynda vetorett mot ei nedlegging, så det vil neppe skje med det første.

Dermed stod ein att med å forbetre dagens AFP-ordning, noko det er gode grunnar til å gjere. «Hol» i ordninga gjer at ho i dag kan slå svaert urettferdi­g ut. To av desse hola blir no tetta, medan resten av AFP-floken skal utgreiast i samarbeid med regjeringa.

DET VIKTIGASTE i pensjonslø­ysinga i årets oppgjer er likevel at det er semje om prinsippet i pensjonsre­forma, om at det skal løne seg å stå i arbeid. Prinsippet er grunnleggj­ande for at Noreg skal ha nok arbeidskra­ft og høge nok skatteinnt­ekter i framtida, fordi det motiverer folk til å jobbe lenger.

AFP er eigentleg ein bastard i det norske pensjonssy­stemet.

Taparane i eit slikt system er dei som av helsemessi­ge årsaker ikkje klarer å jobbe fram til pensjonsal­der. Partane vart samde om å bruke sluttveder­lagsordnin­ga til å finansiere eit nytt «slitartill­egg».

Å hindre at «slitarane» blir taparar i pensjonssy­stemet er viktig for legitimite­ten til pensjonssy­stemet, og for å hindre stadige omkampar. Men det må utformast slik at det ikkje bryt med arbeidslin­ja.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway