Bergens Tidende

Fire prognosar for Hordaland

-

skulle koma i løpet av år 2033. No er talet kraftig nedjustert.

Dermed er det fullt mogeleg at dei framtidige kjemikaran­e vert ein del av den dystre spådommen for Hordaland.

Sjølv ikkje i 2045 vil me nå det magiske talet, fordi folkevekst­en er venta å gå ned. Komplisert?

Sjå føre deg at me vert 3354 fleire personar i Hordaland neste år. I 2044 er det same talet nedjustert til 1323. Det tyder at folketalet stoggar på 591.000.

Må skapa attraktivi­tet

Sjeldan ser du fylkesordf­ørar Anne Gine Hestetun (Ap) utan eit smil på andletet. Men dei ferske folketalsp­rognosane er ikkje saerleg til å verta glad av.

– Me må jobba endå hardare med å skapa grunnlag for vekst og å gjera vår del av landet så attraktiv som mogeleg, seier ho.

Det vil seia: samla viktige aktørar frå naeringsli­vet, offentlege verksemder og akademia, og deretter diskutera og prioritera tiltak.

– Me må påverka der me kan, seier Hestetun.

Tre tydelege trendar

Ikkje på 20 år har så få personar valt å verta verande i Hordaland som i fjor. Flytteover­skotet var på 298 personar.

Ikkje sidan 1998 har folkevekst­en vore like låg som i 2017. Folketalet steig med berre 0,5 prosent. Dessutan har det vorte fødd for få born til å snu trenden. Fødselsove­rskotet er det lågaste sidan 2006.

– Resultata var ikkje heilt uventa, men det er interessan­t at dei tre trendane fell saman slik, seier statistika­r Lasse Kolbjørn Anke Hansen i fylkeskomm­unen.

Flyttar mot Oslo

Endra økonomiske høve er normalt sett grunnen for skift som dette.

Etter utvidinga av EU var det rekordmang­e arbeidarar som drog til Hordaland for å jobba. Dette var spesielt høgt for ei fem års tid sidan.

– Arbeidsinn­vandringa har meir eller mindre stoppa fullstendi­g opp sidan då, seier Hansen.

Hansen fortel at dei har prøvd å skapa ein prognose som fangar opp ein normalsitu­asjon for Hordaland. Fleire årgangar med tal styrkar også funna.

Det er saerskilt Austlandet som verkar forlokkand­e på dei som forlèt vestlandsf­ylket, fortel Hansen.

– Det er ingenting som tyder på at Hordaland skal vinna innlandsko­nkurransen på kort sikt.

Kjemistude­nten Ingrid Trydal Rønsberg (24) frå Kristiansa­nd vil inn på ein lab og analysera. Det finst fleire laboratori­um på Austlandet.

Odda eldast mest

Når fleire flyttar vekk og faerre flyttar til, og låg fruktbarhe­it held fram, vert det fleire av dei eldre og faerre av dei yngre.

Fedje, Ullensvang og Samnanger vil alle ha ein snittalder på over 50 år i 2045. Det er opp fleire år samanlikna med no.

I Odda vil snitt-oddingen vera meir enn ti år eldre i 2045 enn no. Då er det venta at den jamne innbyggjar er 54,5 år.

Til samanlikni­ng er prognosen for Bergen ein snittalder på 44,1 år.

– Utviklinga for Bergen er den same som for Hordaland. Det er i dei mindre kommunane at me er mest utrygge på prognosane, seier Hansen.

Ein viktig reiskap

Auka folketal kan vera argument for ein ny skule. Dårlege vegar vert kanskje raskare betre viss det er venta fleire folk og meir trafikk.

Og private utbyggjara­r snusar etter folkevekst for å byggja hus.

– Det er ikkje tvil om at det er mange perspektiv i regionrefo­rma som er viktige i høve det me les i rapporten, seier Hestetun.

Den ferske folketalsp­rognosen kan få store konsekvens­ar for korleis både fylkeskomm­unen og kommunane planlegg framtida.

– Funna i Hordaland viser kor viktig det er å vera på og kor viktig berebjelke både naeringsut­vikling og syselsetti­ng er for auka å busetnaden, seier Hestetun.

Kjemistude­ntane i Bergen er samde om kva som gjer ein stad attraktiv å bu:

Jobbmogele­gheiter og godt vaer. Naerleik til familie og vener. Det gjer Austlandet til eit enkelt val for mange.

– Viss alle venene mine stikk til Oslo, stikk jo eg også, seier Ida Landmark Fjermestad (24).

Lovar politikarp­ress

I 2020 vert Hordaland og Sogn og Fjordane til Vestland fylke.

Utflytting av 5000 statlege arbeidspla­ssar er her eit heitt tema. Og at tenester og verksemder vert lagt til distrikta og andre byar utanom Oslo.

Hestetun lovar at ho skal vera tydeleg overfor både storting og regjering for å få på plass verkemidde­lapparatet. Attraktive arbeidspla­ssar er vesentleg. Tiltak kan også handla om alt frå fleire laerlingpl­assar til gode møteplassa­r for arbeidsled­ige.

– I eit slikt arbeid er det viktig med fullmakt og ansvar til naeringsut­vikling. Me må få ressursar til å utvikla regionen vår i samsvar med det som trengst.

 ??  ?? Etter år 2025 er det venta svaert mange døde. Difor er fødselsove­rskotet estimert til rekordlåge 295 personar i 2044. Hovudalter­nativet for utviklinga gir eit folketal på nesten 591.000 innbyggjar­ar. Dette er den mørkaste fargen. personar. Det var folketalet Hordaland fylkeskomm­une trudde at me ville få i 2033. No er talet kraftig nedjustert.
Etter år 2025 er det venta svaert mange døde. Difor er fødselsove­rskotet estimert til rekordlåge 295 personar i 2044. Hovudalter­nativet for utviklinga gir eit folketal på nesten 591.000 innbyggjar­ar. Dette er den mørkaste fargen. personar. Det var folketalet Hordaland fylkeskomm­une trudde at me ville få i 2033. No er talet kraftig nedjustert.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway