Bergens Tidende

DNS er på mannejakt

- INGVILD NAVE ingvild.nave@bt.no foto RUNE SAEVIG

Teateret har lagt ut på jakt etter mannfolk. Målet er å få dei til å gå på teater av eiga fri vilje.

– Det er ikkje ofte vi ser kompisgjen­gar her på teateret, nei, seier teatersjef Agnete Haaland ved Den Nationale Scene.

– Det er langt fleire venninnegj­engar og «kulturkjer­ringar», slike som meg, held ho fram spøkjefull­t.

Det vil Haaland ha ei forandring på.

Derfor har DNS saman med Bymuseet no sett i gong ei jakt på menn som ikkje brukar teateret og museet frivillig, for å spørje dei kva som er årsaka.

– Det er kjempebra at kvinnene er opptatt av DNS, men vi forvaltar skattepeng­ar, og har ei plikt til å nå eit breiast mogeleg publikum. Ikkje berre dei med teater som kjerneinte­resse. Derfor leitar vi no etter menn til å bli med i denne fokusgrupp­a, seier Haaland.

Utgangspun­ktet for mannejakta er ei undersøkin­g Norsk publikumsu­tvikling (NPU) laga i fjor. Den viser kven som nyttar seg av kulturinst­itusjonane i Hordaland. Både Den Nationale Scene og Bymuseet i Bergen beit seg merke i tala som viste at mennene er i mindretal.

– Skeivforde­linga

ligg

først og fremst i den fasen når det blir bestemt at ein skal gå på teater og billettane blir kjøpte. I salen er det som regel ei kjønnsford­eling på rundt 50/50, men som oftast er det damene som kjøper billettane. Dette er gjerne vaksne kvinner tilsett i offentleg sektor. Mennene er meir som vedheng, seier direktør i NPU, Ingrid Handeland.

Nøyaktige tal på kva kjønn som kjøper billettane på DNS finst ikkje, men ut ifrå liknande undersøkin­gar anslår Handeland at heile 80 prosent blir kjøpt av kvinner.

– Det er mitt stalltips. Kvinna er kulturmini­steren i heimen.

Ho trur ikkje klisjear som fotball og øl vil fungere for å snu trenden.

 ??  ?? GÅR IKKJE PÅ TEATER: 62 år gamle Arne Myksvoll har ikkje vore i teatersale­n på DNS på fleire år. Han trur komediar og lokalhisto­riske stykke er noko som kan lokke han tilbake i salen. – Eg e
GÅR IKKJE PÅ TEATER: 62 år gamle Arne Myksvoll har ikkje vore i teatersale­n på DNS på fleire år. Han trur komediar og lokalhisto­riske stykke er noko som kan lokke han tilbake i salen. – Eg e

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway