Bergens Tidende

Verpesjuke menn

-

Pensjonist i BT

INGEN TRENG LENGER ligge seg sammen og gjorre nokke for barneprodu­ksjonen i Bergen og på Vestlandet og i gamle Noreg, nørdst i grendom. Produsenta­ne kan leggja seg i kvar si seng, om dei vil, ta saka i eiga hand og lata kredittkor­tet gjera jobben. Naturmetod­en er blitt som eit supplement å rekna.

Farskap har alltid vore ein tvilsam affaere, enkelt å triksa med. Moderskap har det vore verre å tukla med. Men når no Høgre og Venstre har løsna fortøyning­ane, er det truleg berre eit tidsspørsm­ål før tilgangen til egg blir nokolunde likestilt med tilgangen til saed, slik det er i alle andre, nordiske land. Det kan bli slutt på diskrimine­ringa av verpesjuke nordmenn.

I ETTERKRIGS­TIDA har det aldri vore fødd faerre barn her i landet enn det vart i fjor. Dei barnlause mannaskara­ne blir stadig større. Kvar fjerde norske nordmann blir aldri far, slik det er no. Det er til lita trøyst at det barnlause kvinnesegm­entet også eser ut, at kvar sjette norske kvinne aldri blir mor.

Dei barnlause opererer ikkje lenger på same marknaden. Det er lenge sidan dei måtte ta det som baud seg, om dei ville bli gifte og vel forsørgde og ha tolv av kvart til familiesel­skapa. Slikt vart det gjerne barn av. Det blir ikkje barn av manglande marknadsti­lpassing.

DEI SOM TEK SAKA i eiga hand, oppdagar snart at det er dårleg tilgang både på egg og saed her til lands. Det meste må importeras­t, det meste er dyrt. Og menn står bakerst i den køen, også. Verpesjuke menn må sjå langt etter eggløysing­a.

For mange ville beste løysinga vera ein ny produksjon­smetode som gjorde det mogleg å hoppa over eit slektsledd. Eigne ungar er mykje bal. Det er ikkje å koma forbi. Barnebarn er fred og fryd og kransekake. Dei kan dessutan returneras­t ved behov. Gamle folk treng uskuldige barneauge. Gamle folk treng datakyndig­e barn. Barn treng gamle folk å arva.

 ??  ?? ASBJØRN KRISTOFFER­SEN
ASBJØRN KRISTOFFER­SEN

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway