Bergens Tidende

– Har alltid hatt hund, og alltid hatt forsikring

- KJERSTI MJØR kjersti.mjor@bt.no

Aldri har nordmenn brukt meir pengar på å forsikre kjaeledyra sine. Terrieren Elias har vore forsikra heile livet.

Aprilsola varmar både tobeinte og firbeinte i Nygårsdspa­rken i Bergen, der Elias er på sundagstur med familien. Om noko skulle skje undervegs, er den sju år gamle Jack Russel-terrieren forsikra. Det har han til felles med over 190.000 andre norske kjaeledyr, ifølgje nye tal frå Finans Norge.

– Alltid forsikring

– Eg har alltid hatt hund, og alltid hatt forsikring. Primaert fordi utgifter til veterinaer er høge. Ein konsultasj­on kostar naerare tusen kroner, seier Hege Tvedt, matmora til Elias.

– Har du nokon gong hatt bruk for forsikring­a?

– Absolutt! Som då Elias hadde ubehag, smerter i buken og hoste. Vi tok prøver hos veterinaer­en, og det viste seg at han hadde veksande hjarte og krystallar i urinen. Elias måtte ha spesialfôr, medisinar og gå til kontrollar.

– Det kunne blitt ein dyr affaere?

– Ja, slikt kostar fort mange tusen kroner, seier Tvedt.

– Kostnader opp mot 50.000

Nordmenn brukte over ein halv milliard kroner på dyreforsik­ring i fjor. Det er ein auke på 70 prosent i løpet av fem år, ifølgje ei pressemeld­ing frå Tryg Forsikring.

Skader på hund kan bli dyrt. – Vi får meldingar om kostnader heilt opp mot 50.000 kroner, seier Karina Matre, hundeekspe­rt i forsikring­sselskapet.

– Ein blir jo så glad i dei!

Zita, ein bayersk viltsporhu­nd frå Sogndal, er på veg gjennom Nygårdspar­ken på raske potar. Ho har også vore forsikra frå første dag.

– At hundar er dyre i innkjøp, er no så, men ein blir jo så glad i dei! Om dei blir sjuke eller noko skjer, vil ein jo sikre at ein har råd til å ta hand om dei, seier eigarane Leidulf Øyre og Oddbjørg Fjelltun.

Kvart år betalar dei kring 2400 kroner i dyreforsik­ring.

– Ein gong vart Zita angripen av ein hund. Ho måtte til veterinaer for å få sprøyte og sy nokre sting. Det er den eine gongen vi har hatt bruk for forsikring­a, og sånn er det vel med all forsikring. Vi betalar inn, men får ikkje bruk for det, kjem det frå Øyre.

Zita tek hundevakta

På den andre sida tener Zita ein slant sjølv på å spore opp skadd hjortevilt for ettersøksr­ingen i kommunen.

– Ho er god og gjer jobben sin! – Går inntektene opp i opp med forsikring­sutgiftene?

– Det gjer kanskje det, ja, seier Øyre med eit smil.

Dyreforsik­ring gjeld for hund, katt og hest, og dekkjer veterinaer­og behandling­sutgifter når dyret blir skadd eller sjuk, samt erstatning dersom det blir borte eller døyr.

 ?? FOTO: KJERSTI MJØR ?? OM UHELLET ER UTE: – Vi må bli flinkare til å forsikre barn og dyr. Dei er viktigare enn eigedelar og ting, seier Hege Tvedt, matmor til terrieren Elias.
FOTO: KJERSTI MJØR OM UHELLET ER UTE: – Vi må bli flinkare til å forsikre barn og dyr. Dei er viktigare enn eigedelar og ting, seier Hege Tvedt, matmor til terrieren Elias.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway