Bergens Tidende

E-postar viser at Hindsbo blei varsla om støvskadan­e

- INGVILD NAVE ingvild.nave@bt.no

Tidlegare Kode-direktør Karin Hindsbo seier ho ikkje var kjent med heile omfanget av støvskadan­e på museet. Ein intern e-post viser at ho blei varsla.

Støvet på Kode 1 har skapt problem etter problem for museet.

3000 kunstgjens­tandar må reinsast, alle takplatene skiftast ut og store deler av det nyoppussa Kode 1 er stengt av. Prislappen for å rydde opp kan bikke ti millionar kroner.

Det var Karin Hindsbo som var direktør då støvet blei oppdaga hausten 2016. Til BT har ho tidlegare sagt at ho ikkje visste kor ille situasjone­n var då ho gjekk av i mai 2017.

– Den informasjo­nen eg arbeidde ut ifrå, gjaldt ein sal, sa Hindsbo til BT den 3. april.

Men ein intern e-post viser at ho blei varsla om at støvproble­met var langt større.

Blei informert av tilsette

E-posten blei sendt til Hindsbo og fleire andre den 28. november

2016. Der informerte samlingsle­iar Knut Ormhaug om at støvet dekkjer «dei temporaere magasina i andre og tredje etasje». Dette er dei tre salane i Kode 1.

Ormhaug la også vekt på at museet må fjerne støvet snarast mogeleg. Allereie i desember

2016 blei ein rapport som skisserer korleis ein skal fjerne støvet, utarbeida av Bevaringst­enestene ved Museumssen­teret i Hordaland.

Men halvanna år seinare står

Karin Hindsbo blei informert om at både andre og tredje etasje på Kode 1 var råka av støvlekkas­jen frå oppussinga, men har tidlegare sagt at ho berre visste om ein av salane. – Eg har forsøkt å gi eit så detaljert hendingsfo­rløp som mogeleg, seier Hindsbo til BT. gjenstanda­ne framleis dekt av støv.

Hindsbo har tidlegare fått kritikk frå forgjengar­en sin, Erlend Høyersten, for ikkje å ha hatt oversikt.

– Om det stemmer at Karin Hindsbo ikkje var klar over omfanget, må ein spørje seg kvifor ho ikkje fekk den informasjo­nen. Nokon burde slått alarm, eller forhindra at dette skjedde, sa Høyersten til BT.

Han er i dag er direktør ved kunstmusee­t Aros i Danmark.

– Har forsøkt å gjere greie

Karin Hindsbo er i dag direktør for Noregs største kunstmuseu­m, Nasjonalmu­seet i Oslo.

BT har vore i kontakt med henne gjentatte gongar for å få svar på omstenda rundt støvsaka. Ho meiner ho har gjort greie for saka så godt ho kan.

– Hendinga ligg halvanna år tilbake i tid, og eg har ikkje full tilgang på dokument eller detaljar frå handtering­a. Eg har gjennom fleire samtalar med BT forsøkt å gi eit detaljert hendingsfo­rløp som mogeleg, slik eg hugsar det, skriv Hindsbo i ein e-post.

BT har også sendt Hindsbo

 ?? ARKIVFOTO: RUNE NIELSEN ?? OMFATTANDE: NIKU (Norsk institutt for kulturminn­eforsking) estimerer at op skal løysast.
ARKIVFOTO: RUNE NIELSEN OMFATTANDE: NIKU (Norsk institutt for kulturminn­eforsking) estimerer at op skal løysast.
 ??  ?? FEKK E-POST:
FEKK E-POST:
 ?? ARKIVFOTO: RUNE SAEVIG ?? RIPER: Sidan november 2016 har 3000 gjenstanda­r stått dekt av støvet på Kode 1. Her er deler av samlinga som må reinsast.
ARKIVFOTO: RUNE SAEVIG RIPER: Sidan november 2016 har 3000 gjenstanda­r stått dekt av støvet på Kode 1. Her er deler av samlinga som må reinsast.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway