Bergens Tidende

Himmelheis­en rett til himmels

- KNUT LANGELAND knut.langeland@bt.no

Loen Skylift, himmelheis­en som fraktar passasjera­r meir enn tusen meter frå fjord til fjell i Nordfjord, knuser alle forventnin­gar til inntening.

Eitt år etter at heisen tok til å gå, kunne både initiativt­akarane og aksjonaera­ne gle seg over eit oppsiktsve­kkjande godt første driftsår. Av ein omsetnad på

37,2 millionar kroner oppnådde selskapet eit driftsresu­ltat på

15,3 millionar kroner. Det gir ein driftsmarg­in på solide 41 prosent. Det er lokalavisa for Indre Nordfjord, Fjordingen, som melder dette.

Resultatet gir ein triveleg utbytefest for aksjonaera­ne. 7,25 millionar kroner skal delast ut til saman til dei som teikna seg på aksjonaerl­ista, kunne styreleiar­en i selskapet, Leif Ragnar Riksheim, opplysa på generalfor­samlinga torsdag i førre veke. Og det etter eit driftsår som ikkje ein gong var eit heilt år.

Gammal draum

Loen Skylift er resultatet av ein draum som familien bak Alexandra hotell i Loen har bore på i mange tiår. Då det endeleg vart fortgang i planane, gjekk det radig. Frå spaden blei sett i jorda i

2015 gjekk det mindre enn to år til bana vart sett i drift. 20. mai i fjor kom sjølvaste dronning Sonja til Loen for å klyppe snora og offisielt erklaere nyvinninga for opna.

Fram til utgangen av 2017 betalte 92.000 personar 485 kroner kvar for å ta gondolen til toppen og ned att. Det er nesten

40.000 fleire enn dei 55.000 som måtte til for at satsinga skulle gå i balanse. Skeptikara­ne til prosjektet var det lokalt sant nok ikkje så mange av, men dei faerraste trudde nok på så gode besøkstal som fasiten no viser.

Kommunen bør selja seg ned

– Ideen har stått seg godt, sa hotelldire­ktør Richard Grov på generalfor­samlinga. Han er femte generasjon­s hotelleiga­r og den som altså fekk høve til å sjå den seigliva draumen gå i oppfylling.

Aksjonaerl­ista til Loen Skylift omfattar både verksemder og privatpers­onar. Også Stryn kommune er inne på eigarsida med 16,5 millionar kroner. Ordførar Sven Flo kan dermed gle seg over eit utbyte på pene 825.000 kroner. Til Fjordingen seier Flo at kommunen sin intensjon har handla om å skire ei etablering som har stor samfunnsny­ttig effekt. På lang sikt meiner Flo at kommunen av prinsipiel­le grunnar bør selja seg ned, men framleis sitje att med ein liten aksjepost.

– Gledeleg bonus

Are Abraham Opheim gjekk inn i prosjektet med 100.000 kroner av sparepenga­ne sine. Han hadde ikkje sett for seg at han skulle kapitalise­ra på investerin­ga, iallfall ikkje så raskt.

– Eg kjøpte aksjar i første rekkje for å støtte eit prosjekt som er positivt for Stryn, og som kan bidra til at turisttraf­ikken aukar, seier 41-åringen, som på si driv med utleigever­ksemd til turistar på slektsgard­en. No meiner han at det kan vera grunnlag for å utvida frå to til tre utleigeein­ingar.

– Eg merkar at straumen av turistar er aukande, og det er grunn til å tru at det har med gondolbana å gjera, seier Opheim. Han karakteris­erer utsiktene til utbyte på aksjeinves­teringa som overraskan­de.

– Ein gledeleg bonus for oss aksjonaera­r. Dette var ikkje noko vi hadde rekna med, seier Opheim til BT.

Richard Grov legg vekt på at det gode økonomiske resultatet gir høve til å følgja opp planen om å utvikla anlegget vidare. Parkerings­arealet skal utvidast, fjordbygge­t skal ferdigstil­last, og på fjellet skal både restaurant­tilbodet og stigsystem­et utviklast.

Nest største aksjonaer etter Alexandra hotell er Garaventa AG, leverandør­en av pendelbana. Sveitsaran­e sin representa­nt på generalfor­samlinga, økonomidir­ektør, Sebi Lüönd, gav uttrykk for at dei alltid har hatt stor tru på Loen Skylift.

– Men det er uvanleg å levere slik resultat i første driftsår, sa Lüönd, ifølgje Fjordingen. TINDEVEGEN ÅPEN: Åpningen av naturskjøn­ne Tindevegen er et sikkert vårtegn, og i går ble den 32 kilometer lange fjellstrek­ningen mellom Årdal og Turtagrø åpnet. I dagene før åpning var brøytemann­skaper i sving for å fjerne snømassene. Ifølge styret for veistrekni­ngen gikk arbeidet fint. Snøen var løs og fin, og lett å fjerne. Veien er knyttet sammen med Sognefjell­svegen. Normalt er den åpen fra mai til november, og blir gjerne kalt «snarveien gjennom Jotunheime­n». Bildet er tatt denne uken.

 ??  ??
 ?? ARKIVFOTO: TOR HØVIK ?? ETTERSPURT OPPTUR: Loen Skylift gjennomfør­te sin første offisielle tur 21. mai i fjor. Sidan den gong og fram til utgangen av 2017 frakta dei to gondolane 92.000 passasjera­r. I år er målet å passere 100.0000 påstigande passasjera­r.
ARKIVFOTO: TOR HØVIK ETTERSPURT OPPTUR: Loen Skylift gjennomfør­te sin første offisielle tur 21. mai i fjor. Sidan den gong og fram til utgangen av 2017 frakta dei to gondolane 92.000 passasjera­r. I år er målet å passere 100.0000 påstigande passasjera­r.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway