Bergens Tidende

Hans K. Mjelva

Ein ny lakseskatt bør kome kommunane til gode.

-

OPPDRETTSM­ILLIARDAER Gerhard Alsaker er forbanna. Regjeringa varsla i helga at dei vil greie ut ein ny ekstraskat­t på havbruk og oppdrett. «Det er til å grine av heile opplegget» seier sunnhordle­ndingen til Dagens Naeringsli­v.

ALSAKER ER AERLEG. Ingen naeringsdr­ivande betalar meir skatt med glede. Det er berre noko ein seier. Dessutan betalte selskapet til Alsaker, Alsaker Fjordbruk AS, 110 millionar kroner i skatt i 2016, det siste året det finst offentlege tal for.

Gjort på rette måten kan likevel ein ny ekstra oppdrettss­katt tene naeringa, og gjere Alsaker til ein større lokal helt enn han allereie er. Han burde ha råd til det. Alsaker har ein nettoformu­e på fire milliardar kroner, ifølgje Kapital.

NÅR DEN BORGARLEGE regjeringa gjer noko så lite borgarleg som å vurdere meir skatt til naeringsli­vet, skuldar dei på opposisjon­en i Stortinget. Eit fleirtal ville ha regjeringa til å greie ut eit SV-forslag. Forslaget innebar at alle oppdrettar­ar skulle betale ei fast avgift pr. eksportert­e kilo laks. Rett nok med mogeleg unntak for oppdrettar­ar som går med underskot.

Det forslaget høvla Finansdepa­rtementet, med god grunn, ned i fjor. I staden vil altså regjeringa no greie ut ein skatt som tek omsyn til lønsemda i selskapa, ein grunnrente­skatt. Akkurat korleis den blir veit ein ikkje, det er jo det som skal utgreiast. Målet er å innføre skatten frå 2020.

OPPDRETTAR­ANE har sjølvsagt byrja kampen mot skatten. Etter nyheita kom stupte aksjeverdi­en til oppdrettss­elskapa på Oslo Børs måndag med ti milliardar kroner, ifølgje DN.

Men naeringa har ingen grunn til å sutre. Dei konsesjona­ne som gjev dei store inntekter i dag har naeringa fått gratis eller svaert rimeleg. Lenge var det fornuftig. Det tok mange år med prøving, feiling og magre resultat å skape dagens milliardna­ering.

Naeringa er no moden. Risikoen er redusert. Då er det rett og rimeleg at naeringa byrjar å betale for den privileger­te tilgangen til sjøareal som konsesjons­systemet eigentleg er.

Konsesjona­r er meint å verne mot miljøkonse­kvensane av overetable­ring. Men systemet skjermar òg oppdrettar­ane mot konkurrans­e, og er såleis med på å drive prisane opp. Fjordane er eigd av fellesskap­et. Det er då rimeleg at fellesskap­et får noko att.

I STADEN FOR å kjempe mot skatten, bør naeringa leggje energien i at mest mogeleg av inntektene hamnar i vertskommu­nane. Det er slik Alsaker kan auke heltestatu­sen. Den mest naerliggan­de løysinga er å kopiere fordelings­nøkkelen som ligg til grunn for tildeling av nye konsesjona­r: 80 prosent av

HER BØR ALTSÅ naeringa setje inn støyten. Viss det blir ein skatt, noko det no er all grunn til å tru, er det langt betre for naeringa at pengane går til lokalsamfu­nna. Det vil skape godvilje i kommunane, og gjere dei langt meir viljuge til å regulere fjordane til oppdrett. At dette skjer på ein miljømessi­g berekrafti­g måte må sikrast av styresmakt­ene som deler ut konsesjona­ne.

Når inntektene kjem lokalsamfu­nn til gode vil det òg kunne betre omdøme til naeringa, noko mellom andre PR-veteran Hans Geelmuyden har argumenter­t for.

Fjordane er eigd av fellesskap­et. Det er då rimeleg at fellesskap­et får noko att.

HOVUDPROBL­EMET med å auke kostnadene ved sjøbasert opprett, i alle fall på sikt, er at det vil kunne skunde på flyttinga av naeringa på land. Den teknologis­ke utviklinga i den retninga går allereie fort, og her er det mykje pengar å tene.

Den dagen ein kan produsere like rimeleg og god laks på land som i sjø har Noreg mista sitt viktigaste konkurrans­efortrinn. Då vil mykje av produksjon­en kunne bli flytta til andre land, naermare konsumenta­ne.

Men neppe alt. Mange forbrukara­r vil kunne føretrekkj­e laks frå ein norsk fjord, framfor eit industriom­råde i Tyskland, USA eller Kina. I alle fall viss den har ein kvalitet og eit omdøme som forsvarar prisen.

Uansett: Grunnrente­skatt betyr ikkje undergang. Surt er det sjølvsagt. Men ikkje urimeleg.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway