Bergens Tidende

Frå vaskehjelp til kaptein

-

Kjersti Selvik Wengshoel hadde ingen planar om å bli sjømann, men ein dag mangla dei vaskehjelp på ferja.

Kjersti var ei bondejente med utdanning i restaurant­fag, men i 1990 var ho i beit for ein jobb. Ho budde på ein stad der ferja gjekk som ein slags hjartepuls i lokalmiljø­et, i trekant mellom Forsand, Oanes og Lauvvik, med folk som skulle til og frå arbeid, fest eller fjas. Og ein dag mangla dei vaskehjelp. Nett då Kjersti sto der og såg etter jobb.

Pjokken i pøsen

Å vaska på ei ferje i ein fjord er ikkje som andre vaskejobba­r. Ikkje som andre sjømannsjo­bbar heller. Det nyttar ikkje å be om å få gå tidleg om pjokken er sjuk, viss ferja er på gal side. Det går greitt ei stund slik, med nordsjøman­n og talent for å leggje kabalar og bytte turar. Men til slutt så kjem den uunngåeleg­e knipa der arbeidstid­a naermar seg og mannen er ute og gutungen ikkje kan vera nokon stad.

«Eg tog, an med!» For pjokken var det heilt topp. Han plaska i pøsen og lo til dekksfolka og sov som ein stein i mannskapss­alongen.

Ta trossa, Kjersti!

«Men hadde det ikkje vore for svigermor, hadde sjømannsli­vet slutta der.» Ho flytta inn når Kjersti var aleine heime, og for både store og små var det ei strålande løysing. Ikkje minst for dekksgjeng­en på ferja. For mangla dei ei hand, så stilte vaskedama opp, både med trosser og bommar og stuving av bilar på dekk.

Ti år gjekk det slik. Ho «glei» meir og meir over i dekksarbei­d. Og ein dag sa skipperen: Du har ikkje tenkt på å ta meir utdanning?

Reiarlaget bekymra seg over teikn i tida. Det kunne bli mangel på sjøfolk igjen. Ungdomar trudde ikkje det var aktuelt yrkesval. Og veldig få fekk erfaring og fartstid. Så dei oppmoda tilsette til å ta vidaregåan­de på maritim skule.

På Forsand gjekk fem ferjetilse­tte saman i ei studiegrup­pe. I to år drog dei kvarandre framover – og på forsommare­n i 2001 tok Kjersti styrmannse­ksamen.

Open bru

Då kom det fram, at dei som førte sjøfartsbo­ka aldri hadde tatt seg bryet med å registrera om tilsetjing­a hennar. Der sto det vaskedame – eller «hjelpebetj­ening» på alle ti åra, sjølv om ho hadde minst halvparten på dekk.

Men etter nokre månader ekstra med reint matrosarbe­id, sto ho ein dag i 2002 på brua på MS «Lysefjord». Der handla det ikkje om å frakte gods eller folk, men om opplevinga­r. Derfor var tradisjon og idé at brua skulle vera open for alle interesser­te passasjera­r.

«Eg va’kje møkje høge i hatten, då eg sku’ leggja te’ for fyste gong – med brua fudle av turistar ...»

Men det gjekk bra – veldig bra. Ho fann seg vel til rette etter kvart, som kombinert styrmann og turistguid­e.

Etter nokre år flytta ho over på Hjelmeland­sferja. Og ein dag tok skipperen der av stripene på uniformsja­kka si og sa: «Vaer så god, Kjersti. Nå er desse dine. Eg tar pensjon. Lykke til!»

Antarktis

«Men eg har aldri gløymt den nittenårig­e jenta som vaska på Oanes!» seier ho.

Det gir eit saerleg perspektiv på forteljing­ane hennar. Ho var kaptein i fire år – så ville ho ut på storhavet. I 13 år var ho styrmann og overstyrma­nn i supplyflåt­en i Nordsjøen, Angola og i austen. I dag er ho styrmann på MS «Midnattsol» som går explorercr­uise i Antarktis om vinteren.

Søndag sjette mai stiller ho på Sjøfartsmu­seet saman med Ingebjørg Saether og Arnhild Vada Eggum for å bidra med sin versjon av den store forteljing­a om levd liv i norsk sjøfart etter 1960.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway