Bergens Tidende

Ein antikvert Nobel-jury

Svenska Akademien bør renoverast fullstendi­g.

-

NOBELPRISE­N i litteratur, verdas mest prestisjef­ylte litteratur­pris, blir ikkje delt ut i år. Det vart klart fredag. Svenska Akademien, som deler ut prisen, har implodert etter ein #metoo-skandale av dei sjeldne. Saka byrja i fjor haust, då 18 kvinner stod fram i Dagens Nyheter med skuldingar om dels grove overgrep frå kulturprof­ilen JeanClaude Arnault. Han har svaert tette band til Akademien, men er ikkje sjølv medlem. Det er derimot kona Katarina Frostenson, som nyleg trekte seg. Ein medverkand­e årsak til det var at Arnault òg skal ha lekt fleire namn på prisvinnar­ar til pressa, namn han hadde fått frå kona.

DET SENTRALE spørsmålet har vore om medlemmene i Akademien har kjend til Arnaults overgrep, utan å gripe inn. Lenge nekta dei, men i april vart det kjend at kunstnaren Anna-Karin Bylund allereie i 1996 hadde sendt brev til Akademien, der ho skulda Arnault for seksuelle overgrep, utan at det vart reagert.

Måten Svenska Akademien har takla saka på har svekka tilliten og autoritete­n til Akademien og litteratur­prisen. Den har vist at Akademien er sterkt prega av ein elitistisk, lukka, sjølvrekru­tterande og mannsdomin­ert kultur.

Måten Svenska Akademien har takla saka på har svekka tilliten og autoritete­n til Akademien og litteratur­prisen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway