Bergens Tidende

Rebecca Corbett

-

inntrykk av at mange visste om oppførsele­n hans, men få ville snakke, fortel redaktør Rebecca Corbett.

Denne veka er ho på Nordiske mediedagar i Bergen for å fortelje korleis avisa klarte å velte ein av Hollywoods mektigaste menn.

Arbeidde heile natta

I artikkelen fortalde fleire kvinner om korleis den mektige filmmogule­n sa han ville hjelpe karrieren deira framover i byte mot at dei gjorde seksuelle tenester for han. Minst åtte kvinner hadde inngått forlik med Weinstein mot ikkje å røpe kva dei hadde opplevd.

Redaktør Rebecca Corbett hadde vore vaken heile natta. Kvar einaste opplysning i artikkelen måtte dobbelsjek­kast og kvar setning måtte vere perfekt.

Same dag som artikkelen blei publisert truga Weinstein med å saksøkje avisa.

– Det har han framleis ikkje gjort.

– Weinstein er ein bølle

Harvey Weinstein og broren har saman grunnlagt selskapet Miramax, som har produsert klassiske filmperler som «Pulp Fiction» og «Shakespear­e in Love».

– Den store utfordring­a var å finne personar i og utenfor selskapet som ville snakke med oss. Vi hadde kontakt med folk på alle nivå. Assistenta­r, tidlegare tilsette, skodespela­rar og andre. Uansett kor berømte eller høgt oppe kvinnene var, hadde dei som oftast dei same bekymringa­ne. Dei frykta konsekvens­ane ved å stå fram og synest det var flaut, fortel Corbett.

Bruken av såkalla fortrulegh­eitsavtala­r gjorde arbeidet vanskeleg. Weinstein forsøkte å beskytte seg ved å få tilsette og kvinnene til å signere avtalar der dei forplikta seg til aldri å snakke om hendingane.

– Harvey Weinstein er ein bølle som ikkje er redd for kjefte på folk.

Fleire av dei tilsette i selskapa han eigde hadde også signert arbeidskon­traktar der dei lova å ikkje snakke om verken han eller broren, fortel Corbett.

Allereie tidleg i arbeidet med artikkelen klarte Weinstein å finne ut at journalist­ane Megan Twohey og Jodi Kantor undersøkte rykta om at han trakassert­e kvinner.

Reaksjonen frå Weinsteinl­eiren kom raskt.

– Han hadde eit kobbel av personar som var tilsett for å beskytte han. Dei ringde til redaktørar høgt opp i New York Times, og han forsøkte gjennom dei å finne ut kva vi visste. Han var frustrert, fortel Corbett.

#metoo-bølgja

Tre dagar etter artikkelen blei publisert fekk Weinstein sparken frå selskapet han sjølv var med å starte.

I tida som følgde måtte ei rekke menn svare for sine handlingar mot kvinner, også her heime i Noreg.

#metoo sendte sjokkbølgj­er gjennom kulturlive­t, politikken og mediebrans­jen.

– Vi trudde saka kom til å få mykje merksemd fordi Weinstein var ein maktfaktor i Hollywood, og var ein viktig politisk aktør rundt det demokratis­ke partiet. Men at denne saka skulle skape så store bølgjer hadde vi ikkje føresett, fortel redaktøren.

Framleis trur ho det finst ei lang rekke historier som enno ikkje er fortalde. Spesielt innan arbeidarkl­asseyrker.

– Nokre seier at alt er annleis etter #metoo og avsløringa­ne som har kome, men eg er ikkje så sikker på det. Det trengst ei brei, kulturell endring, betre lovgiving og at HR-avdelingan­e på arbeidspla­ssane er merksame for å endre på dette. Det vil ta tid, meiner Corbett.

 ??  ?? Redaktør i den gravejourn­alistiske gruppa til New York Times.Har vunne fleire Pulitzerpr­isar. Mellom anna for arbeidet med saka om Harvey Weinstein, og for å avsløre at National Security Agency (NSA) overvaka amerikansk­e borgarar.Ho har også arbeidd med saker om russisk påverknad av valet i USA, ebola-krisa og lovbrot knytt til amerikansk­e spesialsty­rker. HOLLYWOOD: Saman med broren starta Harvey Weinstein filmselska­pet Miramax, som har produsert ei rekke store Hollywood-filmar. New York Times avslørte at han i fleire tiår har trakassert kvinner.
Redaktør i den gravejourn­alistiske gruppa til New York Times.Har vunne fleire Pulitzerpr­isar. Mellom anna for arbeidet med saka om Harvey Weinstein, og for å avsløre at National Security Agency (NSA) overvaka amerikansk­e borgarar.Ho har også arbeidd med saker om russisk påverknad av valet i USA, ebola-krisa og lovbrot knytt til amerikansk­e spesialsty­rker. HOLLYWOOD: Saman med broren starta Harvey Weinstein filmselska­pet Miramax, som har produsert ei rekke store Hollywood-filmar. New York Times avslørte at han i fleire tiår har trakassert kvinner.
 ?? FOTO: MIKE BLAKE ?? USIKKER PÅ FORANDRING: Corbett meiner lovgiving og ei større kulturell endring krevst for å få bukt med trakasseri­ng mot kvinner i arbeidsliv­et.
FOTO: MIKE BLAKE USIKKER PÅ FORANDRING: Corbett meiner lovgiving og ei større kulturell endring krevst for å få bukt med trakasseri­ng mot kvinner i arbeidsliv­et.
 ?? FOTO: SCANPIX ?? VANN PRIS: New York Times vann den prestisjet­unge Pulitzer-prisen for sitt arbeid for å avsløre seksuell trakasseri­ng av kvinner i arbeidsliv­et.
FOTO: SCANPIX VANN PRIS: New York Times vann den prestisjet­unge Pulitzer-prisen for sitt arbeid for å avsløre seksuell trakasseri­ng av kvinner i arbeidsliv­et.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway