Bergens Tidende

BKK drap mykje fisk i lakseelv

- EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.no

Daud fisk flaut i lakseelva Ekso laurdag, etter at BKK pumpa elvevatnet fullt av luft.

– Elva var heilt kvit. Og det susa som frå ei brusflaske som blir opna.

Slik skildrar fagkonsule­nt Eirik Straume Normann i Uni Research Miljø LFI det som møtte han ved Myster kraftverk i elva Ekso i Vaksdal laurdag formiddag.

Normann arbeider med villaks til dagleg, og var på veg heim frå eit oppdrag i Modalen då han la merke til at fargen på elva ikkje var normal.

– Først trudde eg at det hadde gått eit leirras som farga vatnet kvitt. Eg køyrde ned til kraftstasj­onen. Då eg opna bildøra, høyrde eg suset frå luftboblen­e i vatnet, seier fagkonsule­nten.

Luftbobler i skinnet

Ei rist hadde gått tett ved vassinntak­et til kraftverke­t, eit par mil lenger opp. Dermed saug kraftverke­t inn store mengder luft, som så vart piska inn i vatnet under høgt trykk i turbinen, før det vart sleppt ut att nedanfor kraftstasj­onen.

For fisken er vatn med for mykje luft livsfarleg.

–Heile elva var kvit av luftbobler, heilt ned til sjøen, seier Normann.

I løpet av kort tid tok han opp sju daude fiskar, i storleiken 5–15 cm. På finnane var det synlege luftbobler i skinnet.

– Det er eit klart teikn på luftoverme­tting, seier fagkonsule­nten. Ved hjelp av eit elektrisk fiskeappar­at som slår fisken i svime henta han og ein kollega også opp tre fisk som var i live.

– Normalt skulle vi funne fleire fisk på den staden. Også på fisk som var levande såg vi luftbobler på finnane, seier Normann.

Han kunne også sjå måse som stupte ned og plukka svimeslått eller daud fisk som kom rekande.

– Eg har sett gassoverme­tting i vassdrag også tidlegare, men aldri i slik omfang. Dette er ei alvorleg sak, seier Normann.

Var stengt for fiske i 25 år

Ekso var lenge ei av Vestlandet­s mest kjente og beste lakseelver. Rekorden er på 28 kg, fiskarane kom heilt frå England og Skottland.

Men kraftutbyg­ginga på 70- og 80-talet gjorde forholda for laksen stadig dårlegare, og i 1991 vart elva stengd for fiske av villaks. Det skulle gå 25 år før grunneigar­ar, Uni Research Miljø og BKK i fellesskap hadde greidd å få opp att bestanden såpass at fiskinga kunne gjenopptak­ast.

Nå fortviler grunneigar­ane, som berre sidan 2016 har seld fiskekort for laks.

– Eg er redd BKK her har tatt livet av det meste av fisken som var i elva. Laksestamm­en her var jo heilt på knea, og vi har arbeidd og kultivert han i mange år, seier leiar Heine Eikefet i Ekso Elveeigarl­ag.

Den fisken som stod ovanfor kraftstasj­onen er ikkje råka, men Eikefet fryktar for all smolten som fanst i den nedre delen av elva, som er ein liten kilometer lang.

Også miljøverna­vdelinga hos Fylkesmann­en i Hordaland vart varsla laurdag.

Trur elva må stengjast

Dykkarar var ute i elva laurdag kveld, for å sjå etter daud fisk.

– Dei fann 15, på eit lite område. For elva er dette ein katastrofe. Både yngel og smolt er råka, seier mangeårig leiar av elveeigarl­aget Knut Eirik Møster. Han var laurdag kveld ute for å sjå på arbeidet som gjekk føre seg langs elva. Han trur elva nå blir stengd for fiske att.

– Det er eit sannsynleg tiltak, dessverre. Laksen må koma først, seier Møster.

Fekk alarm fredag og laurdag

Kommunikas­jonsrådgje­var Jarle Hodne i BKK Produksjon stadfestar at noko gjekk gale ved kraftverke­t laurdag.

– Vi tek dette med største alvor, og er svaert lei oss for det som har hendt. Sjølv om vi reagerte kjapt, har hendinga dessverre fått miljøkonse­kvensar, seier Hodne.

BKK fekk allereie fredag formiddag ein alarm på sitt anlegg, som indikerte at ei rist ved vassinntak­et var gått tett.

– Vi regulerte ned produksjon­en umiddelbar­t, og sende ein mann oppover for å reinske rista. Då det var gjort, køyrde vi produksjon­en opp att. I dag fekk vi ein ny indikasjon på at rista var tett, og vi sende på nytt ein mann opp for å reinske, seier Hodne laurdag kveld.

Denne siste alarmen gjekk ca. kl. 11.50, ifølgje Hodne. Kort tid etter kom meldinga om kvit elv og daud fisk.

Har plassert ut måleutstyr

Forskar Ulrich Pulg ved Uni Research Miljø LFI sat laurdag kveld og analyserte dataene han hadde fått inn så langt.

– Når elva blir kvit, eller blakka, som vi kallar det, tyder det på svaert høg gassoverme­tting i vatnet. Fisken får gassblaere­sjuke, som gir tilstoppin­g i blodårene. Tilstanden svarar til dykkarsjuk­e hos menneske, seier forskaren.

Dei har nå sett ut måleutstyr i elva for å overvake gasskonsen­trasjonane, og gitt råd for å unngå nye slike hendingar.

– Vi vil vite meir om skadane etter kvart. Det er observert levande fisk, så bestanden er ikkje heilt utrydda. Nå må vi finne ut kva som har hendt, og bidra til at det ikkje hender igjen, seier Pulg.

 ?? FOTO: PRIVAT ?? DRAMATISK: Fagkonsule­nt og lakseekspe­rt Eirik Straume Normann oppdaga at Ekso gjekk kvit heilt ned til fjorden laurdag.
FOTO: PRIVAT DRAMATISK: Fagkonsule­nt og lakseekspe­rt Eirik Straume Normann oppdaga at Ekso gjekk kvit heilt ned til fjorden laurdag.
 ??  ?? DAUD: Eirik Straume Normann med daud laksesmolt han fann i elva laurdag.
DAUD: Eirik Straume Normann med daud laksesmolt han fann i elva laurdag.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway