Bergens Tidende

Tilsynet for høg moral

-

Sjuande far i BT VAR DET GOD HELG, DU SA? Og så forventar du at eg skal seia takk like eins, eller takk det same og iligemåde? Det du driv med er kulturell utpressing. Som om eg skulle gå med på at di helg er mi helg. Eg driv ikkje med noko som helst slags helg, skal eg seia deg. Nais viiikend, haeppi, haeppi, seier eg, om eg er i det overberand­e hjørnet. Det er det lengste eg kan strekkja meg.

NO ER DET OMSIDER utsikter til at andre pinsedag kan bli parkert på historias skraphaug, saman med andre påskedag og Kristi Himmelfart­sdag. Det er betre enn ingenting. Men det bør gjerast reint bord. Påske og jul, alle kristne kalenderov­ergrep må gå med i same rennet. 1.mai? Sosialisti­sk tilsniking. 17. mai? Nasjonalis­tisk overkøyrin­g. Med firhjulstr­ekk og tilhengjar.

VISST SKAL VI VERA KULTUROPNE og solidarisk­e. Vi skal unna kvarandre alt vel, bortsett frå dei inntoleran­te typane som vi ikkje toler trynet og tastaturet på. Vi skal seia gratulerer med dagen og slit’an med helsa når nokon har noko å feira, ein ny fridag, ny personleg trenar, ny likarrekor­d. Men vi må få sleppa alt dette helgestyre­t. Andre pinsedag må bli ei privatsak, om ikkje dette året, så neste. Seinast.

Verst blir det å kvitta seg med jula, når alle skal reisa heim, kvar til sitt småbruk, med tindrande barneauge og julenek og rømmegraut og gamle amerikaonk­lar som drikk seg full før pakkane er opna. Påska er nesten like vrangsnudd, når alle skal sitja i bilkø, kvar til sitt hyttefelt, med peiskos og krim og bakglatte ski og mødrer som heller ville gått topptur i Lyngsalpan­e.

MEN JULEFERIE OG PÅSKEFERIE må vi ha. Løysinga kan vera å kalla jula for barnefest og Langfredag for morsdag og andre påskedag for farsdag. Med nokre inneklemte fridagar i mai som førebuings­dagar til pensjonen, bør fridagskab­alen gå opp. 17. mai kan flyttast til 18. mai. Slik kan det bli multikultu­rell fred og fryd og kransekake for oss alle. Haeppi, haeppi!

 ??  ?? ASBJØRN KRISTOFFER­SEN
ASBJØRN KRISTOFFER­SEN

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway