Bergens Tidende

Vil gjera dette til eit vanleg syn att

Tre mann ved årene i ein Oselvar. Truleg har ikkje Nordåsvatn­et sett slikt på tiår. Kjell Magnus Økland og Atle Bergseth håpar prosjektet om fellesnaus­t for folk flest skal gi nytt liv til tradisjons­båtane.

- KNUT LANGELAND knut.langeland@bt.no foto FRED IVAR UTSI KLEMETSEN

e– Noko som har vore så vanleg, og så rotfesta i vår kultur, det må det vera eit stort potensial for å vekkja til live att, seier Kjell Magnus Økland.

Kontrasten mellom båten og brua vi lirkar oss under, er slåande. Økland håpar tradisjons­båten kan få sin renessanse.

Når nokon i dag skal ro, skjer det som regel på eit treningsse­nter. Det er djupt ironisk, synest Kjell Magnus Økland.

Han vil ha roarane ut att på fjorden. Då må båtane gjerast tilgjengel­ege for allmenta.

Kystkultur­tilbod

– Tanken er å etablera fellesnaus­t med båtar i, lett tilgjengel­ege for folk flest, seier Kjell Magnus Økland.

Han er dagleg leiar i Stiftinga Kystsogeve­kene og har skrive sjølve praktverke­t om Oselvaren, båten som i 2009 vart kåra til Noregs nasjonalbå­t.

Hans mandat er å få i gang det han kallar for kystkultur­tilbod. Det var naerliggja­nde å prøva å blåsa liv i rotradisjo­nen.

– Ein gong var Oselvaren minst like viktig i folks kvardag som bilen, mobilen og alle fjernkontr­ollane våre til saman er det i dag, seier Kjell Magnus Økland.

Han brenn for tradisjons­båten.

Ein tur i ein av desse båtane er ei intens sanseleg oppleving, men det er også ei sterk eksistensi­ell oppleving av at ting stundom treng ta den tida som ting tek.

Når motvinden ruskar i årene, er det naturen som bestemmer kor fort det går.

Kartleggin­g

Ideen om fellesnaus­t er rundt eit år gammal.

Økland og Bergseth driv no og kartlegg mogelege lokaliteta­r, lavterskel møteplassa­r som kan kombinera folkehelse med folkeopply­sning, samstundes som sjølve kulturtrad­isjonen som båtbygging­a represente­rer, blir halden i hevd.

I plan- og bygningset­aten i Bergen kommune er dei positive til planane.

Nordåsvatn­et er prioritert for idrett og friluftsli­v, og planane om fellesnaus­t glir godt inn i dei langsiktig­e vyane for vatnet.

– Vi trur at slik aktivitet kan passa godt inn, saerleg i den indre delen av Nordåsvatn­et, som ligg relativt skjerma for vêr og vind. Men det er sjølvsagt ei utfordring å finna ei tomt som det kan byggjast på, eller ledige naust som kan overtakast.

 ??  ?? STOPP: Med ein robåt kan du ta deg fram nelen til «Dødehavet» kom vi ikkje.
STOPP: Med ein robåt kan du ta deg fram nelen til «Dødehavet» kom vi ikkje.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway