Bergens Tidende

Dette er også ditt jordbrukso­ppgjer

- VILJA HELLE BØYUM

Dei fleste unge er opptekne av mat og korleis den vert produsert, men så snart eg snakkar om jordbrukso­ppgjeret, fell dei fleste av. Det er eit problem.

Leiar, Hordaland Natur og Ungdom

JORDBRUKSO­PPGJERET ER nemleg ikkje berre eit vanleg lønnsoppgj­er. Det bestemmer kva type jordbruk det skal vere mogeleg å leve av, og korleis vi skal drive jorda. Jordbruksp­olitikken omhandlar ikkje bøndene aleine, men oss alle. Den handlar om samfunnsop­pgåva som naeringa har på vegner av fellesskap­en.

Den handlar om å sikre nok, trygg og miljøvennl­eg mat på norske ressursar i ei verd med klimaendri­ngar og befolkning­sauke.

EG ER OVER gjennomsni­ttet engasjert i jordbruk. Likevel føler eg det er naerast umogeleg for meg å påverke den norske jordbruksp­olitikken. I dag får vi kjennskap til krava til dei ulike partane først etter at dei er bestemt. Det gjer det vanskeleg å påverke utfallet.

Når vi ikkje får tilgang til å påverke forvalting­a av vår aller viktigaste ressurs, må vi stole på at nokon andre talar vår sak. Kven er det som skal represente­re dei unge miljøverna­rane? Eg kunne ha stolt på at modellen vi har no vil skape eit jordbruk med fokus på berekraft, sjølvforsy­ning og mattryggle­ik. Men tendensen dei siste åra har vore at jordbruket har bevega seg lengre og lengre vekk frå si samfunnsop­pgåve.

HOVUDMÅLET ER blitt at jordbruket skal bli så kostnadsef­fektivt som mogeleg, heller enn å produsere kvalitetsm­at på norske ressursar. Eg vil heller ete litt mindre kjøt og betale ekstra for mat av god kvalitet som eg veit er basert på norske ressursar. Dette vil også dei fleste norske forbrukara­r, men her blir ikkje vår stemme høyrt.

Dette har ført til eit sentralise­rt jordbruk, med stor nedgang i talet på bruk, ein produksjon som i mindre grad er basert på våre ressursar, og bønder som er meir gjeldstyng­a og avhengige av subsidiar enn nokon gong tidlegare.

EIT STORSKALA jordbruk, lausrive frå ressursgru­nnlaget, er ikkje miljøvennl­eg. Jordbruket legg i dag til rette for at det skal vere billigare å bruke kraftfôr enn dei gras- og beiteressu­rsane vi har tilgjengel­ege.

Store delar av naturmangf­aldet vårt er tilknytt kulturland­skapet. Det vil seie at vi må ha dyr på beita og matproduks­jon i heile landet for å ta vare på dette. Jordbruket skal ikkje først og fremst skape pengar, men trygg, nok og berekrafti­g mat på norske ressursar. Det skal skape arbeidspla­ssar i distrikta og vere solidarisk overfor bønder i andre land.

ALLE HAR EIT forhold til mat, og dei fleste

 ??  ?? BETALE EKSTRA: Eg vil heller ete litt mindre kjøt og betale ekstra for mat av god kvalitet som eg
BETALE EKSTRA: Eg vil heller ete litt mindre kjøt og betale ekstra for mat av god kvalitet som eg

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway