Bergens Tidende

Hans K. Mjelva

I Frankrike er det ikkje nok å ha fleirtal i nasjonalfo­rsamlinga.

-

FRANSKMENN vart i førre veke spurt om å ta stilling til følgjande påstand om president Emmanuel Macron: «Han forstår problema til slike som oss». Berre 15 prosent svarte ja. Over halvparten (55 prosent) svarte nei.

Eitt år etter brakvalet for Macron og det blodferske partiet Le Marche slit Macron med forteljing­a om seg sjølv som sentrumspo­litikar. Stadig fleire, og ikkje berre på den radikale venstresid­a, stiller spørsmålet om Macron er «dei rike sin president».

Stempelet passar så bra med Macrons forhistori­e som investor og seinare partnar i investerin­gsbanken Rothschild & Cie, at det fort kan bli ei politisk sanning i Frankrike.

MACRON har sett i gang ein haug reformer, der dei fleste har som mål å få fart på fransk økonomi, og å få ned arbeidsløy­sa. Macron har framheva den nordiske modellen som ideal; ein kombinasjo­n av høg omstilling­semne og godt sosialt sikkerheit­snett.

Men det er likevel så grunnleggj­ande forskjella­r mellom Frankrike og Norden at samanlikni­nga gjev lita meining. Det viktigaste, som viser seg i togstreika­ne for tida, er mangelen på tillit og samarbeid mellom partane i arbeidsliv­et, og mellom dei og staten.

NORSKE REGJERINGA­R inviterer partane i arbeidsliv­et med i utgreiinga­r og utval, der partane, noko forenkla, får gjennomsla­g mot å vere lojal mot resultatet i etterkant. Ein slik kultur for nasjonal semje finst knapt i Frankrike. Her er fagrørsla splitta og organisasj­onsgraden er låg, under ti prosent.

Eit aktuelt døme er togarbeida­rane, som for tida driv ein for nordmenn uvant type streik, der franskmenn må følgje med på ein spesiell streikekal­ender for å vite kva tog som er innstilt kva dag. Togarbeida­rane er organisert i minst tre ulike forbund, som samarbeide­r dårleg.

TRADISJONE­N for streikar og demonstras­jonar

 ?? FOTO: THILO SCHMUELGEN ?? REFORMATOR: Emmanuel Macron gjer lurt i å gå fort fram med omstridde reformer, før opposisjon­en får samla seg, skriv BT-kommentato­r Hans K. Mjelva.
FOTO: THILO SCHMUELGEN REFORMATOR: Emmanuel Macron gjer lurt i å gå fort fram med omstridde reformer, før opposisjon­en får samla seg, skriv BT-kommentato­r Hans K. Mjelva.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway