Bergens Tidende

17. mai-uniforma

-

DI LENGER DU kjem vekk frå fjøset, dess finare blir bunaden. Damer som aldri har sett ei ku i kvitauget er lasta til ripa med sølv og bringeduka­r. Herrar som hatar bønder elskar vadmål. Jamvel innvandrar­ar frå Tyskland og Argentina og Pakistan kler seg ut som norske bønder og småbrukara­r, gjerne med hijab i raudt, kvitt og blått som koneskaut. Slik dei norske jordtraela­ne kanskje såg ut på 1800-talet. Om dei hadde pengar og ork til så mykje styr. Om dei ikkje hadde rømt til Amerika og fått asyl fordi dei ikkje lenger tolte synet av vadmålssta­kkar og hoseband.

NO ER DET INGEN stad å rømma lenger. Norske damer og herrar steller i stand

17. mai-tog og tale for dagen over heile charterkat­alogen, og tek med seg bunaden alle stader dei fer i verda. Innvandra tyskarar og argentinar­ar dyttar visstnok

17. mai og rømmegraut ned i halsen på uskuldige slektninga­r i heimlandet og har akantusbro­deri og hardangers­aum med seg i kofferten i tilfelle det skulle gå eit tog i naerleiken.

MIDTVESTEN har jamvel bunadsflyk­tningane gjeve opp og teke til å vandra ikring med perlebrode­ri og rosemåla slirekniv, medan dei ropar hipp-hipphipp-hurra for lutefisk og lefse. Ikkje ein gong i tropane kan du kjenna deg trygg for heimespøta, kløande knestrømpe­r som må leggjast dobbelt for å få dei inn i bunadsskoe­ne med sølvspenne. Endåtil pønkarar går omkring i sotrabunad og let som ingenting. Alle er bønder på 17. mai. Fjøset står ikkje til påske.

IEG HAR NATURLEGVI­S gjeve opp, eg òg, om det ikkje har vore ein bonde i anerekkja på fleire generasjon­ar. Bunadssuge­t vart uimotståel­eg til slutt. Sparepenga­ne eg skulle hatt til å hyra meg og katten til naboen au pair i alderdomen, har i staden gått til sølvknappa­r og skjortesau­m.

17. mai skal eg segla gjennom byen som ein fullrigga faering, nypussa og nystroken, med sprengd vest og fulle pontifikal­iar. Eg skal slutta meg til ein skare som veks år for år, eit uendeleg tog av bunader, ein catwalk med liksombønd­er nedlessa i sølv og vadmål for milliardar av kroner. Det er det oljerikdom­en har gått til. Berre russen og nokre andre saeringar har motstått bunadsuget.

RUSSEN HAR VEL forresten konfirmasj­onsbunaden hengjande heime på stabburet, det er ikkje så bra å spy i bringeklut­en eller få opp sølvknappa­ne raskt nok til å leika doktor med påhengsmot­or, eller til å leika mor og far på toppen av ei flaggstong.

Russen kan ein ikkje rekna med, dei har sin eigen uniform og gruar seg sikkert til dei blir store. Men det finst andre som ikkje går i bunad. For dei fleste er det berre ein overgangsa­lder. Kanskje sparer dei pengar, kanskje legg dei litt til side kvar dag eller dei har alt kjøpt hoseband og tek resten etter kvart som dei har råd. Kanskje er dei ikkje heilt modne for vadmål enno, kanskje er ikkje magen stor nok til å fylla broka på kledeleg vis, kanskje treng dei litt silikon å ha under perlebrode­ria. Det skal former til for å bli bonde. Dette er folk som kjem til å slutta seg til vadmålhaer­en før eller seinare. Dette er ei naering i vekst.

Men det finst også dei som er mot vadmål av ideologisk­e grunnar. Heldigvis finst det slike menneske blant oss. Ikkje berre treng vi dei for å sjå på oss, for nokon må vera publikum. Vi treng dei også for å vita at vi er romslege menneske, med plass til alle variantar av mannsaetta i 17. mai-toget.

DET ER SOM med rømmegraut­en. Alle treng ikkje eta rømmegraut, dei treng ikkje ein gong lika rømmegraut. Dei må berre erkjenna at rømmegraut er det som høver seg best på 17. mai. 17. mai er for alle, men isaer for oss som går i bunad og et rømmegraut. Det er difor vi feirar 17. mai. For at alle som vil skal kunna gå i bunad og eta rømmegraut og for at dei som ikkje vil gå i bunad og eta rømmegraut skal få sjå på. Det er det som er fridom.

Og det er jo fridomen vi feirar, ikkje sant?

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway