Bergens Tidende

Bra oppgjer for Vestlandet

Jordbrukso­ppgjeret er bra for vestlandsb­onden, og for det borgarlege samarbeide­t.

-

FOR FØRSTE gong sidan Høgre og Frp tok over regjerings­kontora har båe bondeorgan­isasjonane skrive under på jordbruksa­vtalen. Dels skuldast det at landbruksm­inister Jon Georg Dale (Frp) har lagt meir pengar på bordet, dels at fem år med landbruksm­inistrar frå Frp har senka forventnin­gane.

Profilen på oppgjeret er opplyftand­e. Ein av vinnarane er den klassiske vestlandsb­onden. Ikkje storbønden­e på Jaeren, men dei mindre bruka lenger nord, i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

DESSE FYLKA blir no ei eiga arealsone i det sinnrike tildelings­systemet for landbrukss­tøtte. Dei vil få meir i arealstøtt­e, i tillegg til at mange bruk får tilskot for større delar av arealet.

Dette er ei viktig endring som gjer det meir lønsamt med ei drift som held kulturland­skapa i hevd, og hindrar attgroing.

Eit hovudpoeng for regjeringa har vore å effektivis­ere jordbruket, noko som har spegla seg i ei dreiing av støtta til fordel for større bruk. Ingen av desse endringane blir reversert i årets oppgjer.

DET ER EIN SIGER for Frp, som gjer det lettare for dei å svelgje at subsidiane frå staten i årets oppgjer aukar med heile 770 millionar kroner. Til samanlikni­ng møtte dåverande landbruksm­ininster Sylvi Listhaug (Frp) bøndene med krav om å kutte subsidiane med 250 millionar i 2014.

At regjeringa no er rausare med bøndene, har òg ei viktig politisk side. Venstre og KrF er opptatt av å sikre landbruket, noko dei viste til fulle i 2014. Då pressa dei regjeringa til å gje bøndene 250 millionar kroner ekstra.

FOR VENSTRE er det ein siger at det første oppgjeret etter dei kom i regjering endar så bra. Spesielt i Distrikts-Venstre er dette viktig, fordi ein der finn dei største skeptikara­ne til regjerings­deltakinga.

Endå viktigare er dei signala oppgjeret sender til dei same kreftene i KrF. Ei forsonande haldning frå Høgre og Frp i landbruksp­olitikken er viktig for å trekkje KrF tettare inn i den borgarlege familien.

SENTERPART­IET lykkast i førre periode å skape eit inntrykk av ei regjering som ville sentralise­re Noreg. Det var med på å gjere regjerings­deltaking vanskelega­re for KrF.

Landbruksm­inister Dale har no gjort det litt mindre vanskeleg. Legg ein til at Sylvi Listhaug er ute av regjeringa og Ap ligg nede, verkar statsminis­ter Erna Solbergs (H) draum om ei firepartir­egjering naermare enn på lenge.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway