Bergens Tidende

Éin av tre tannlegar varsla ikkje barneverne­t ved mistanke om omsorgssvi­kt

- ADALHEIDUR AUDARDOTTI­R OLDEIDE Adalheidur.oldeide@bt.no foto BJØRN ERIK LARSEN

Tannhelsep­ersonell på Vestlandet og MidtNorge sender faerrast bekymrings­meldingar til barneverne­t. Det viser ein ny studie.

– Eg snakkar ofte med tannhelsep­ersonell som fortel om barn dei har hatt i stolen der dei i ettertid tenkjer at dei burde ha varsla barneverne­t, men ikkje gjorde det.

Er pliktige

Forskar Ingfrid Vaksdal Brattabø har spurt 1200 tannlegar og tannpleiar­ar i Norge om meldeplikt­a dei har til barneverne­t.

Dei er nemleg pliktige å kontakte barneverne­t dersom dei mistenkjer at barnet blir utsett for overgrep eller alvorleg omsorgssvi­kt.

Av dei 1200 svara 33 prosent at dei ikkje melde frå til barneverne­t, trass mistanke om alvorleg omsorgssvi­kt.

60 prosent svara at dei hadde varsla barneverne­t éin eller fleire gonger.

Tolv år gamle Christine-Sofie Lerøyen Pedersen har sete seg til rette i tannlegest­olen hos Loddefjord tannklinik­k. Ho er litt nervøs, ho fryktar ho har minst eitt hol.

– Nei, her har du ikkje mykje å vere redd for. Alt ser kjempefint ut, roar tannlege Karoline Blindheim Heldal, med.

Redd for å gjere feil

For Heldal er det langt frå alltid at tilstanden i munnen til barnet ho har i stolen, er like fin som i dag.

– Men av og til kan ein vegre

 ??  ?? xx xxUNDERSØK­ING: Alt såg fint ut då tannlege Karoline Blindheim Heldal undersøkte Christine-Sofie Lerøyen Pedersen (12).
xx xxUNDERSØK­ING: Alt såg fint ut då tannlege Karoline Blindheim Heldal undersøkte Christine-Sofie Lerøyen Pedersen (12).
 ??  ?? OMSORGSSVI­KT: Saers dårleg tannstell er ofte ein indikasjon på at barn bli utsett for omsorgssvi­kt.
OMSORGSSVI­KT: Saers dårleg tannstell er ofte ein indikasjon på at barn bli utsett for omsorgssvi­kt.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway