Bergens Tidende

Folkemusik­aren Erlend Apneseth er klar for ein travel festivalpe­riode. Viss han kan spele.

Erlend Apneseth har klart å skape interesse for hardingfel­emusikk langt utanfor dei tradisjone­lle folkemusik­kmiljøa. Sjølv meiner han hardingfel­a har naer uendelege mogeleghei­ter.

- KJETIL K. ULLEBØ kjetil.ullebo@bt.no foto RUNE SAEVIG

–Eg har nesten ikkje rørt fela på ein og ein halv månad. Eg reiv eit tak heime på garden, og reiste rett på turné då eg var ferdig. Det blei visst for mykje for handa mi, seier Erlend Apneseth.

Viss du i neste veke ser ein fyr springe rundt om i byen med ei fele i handa, kan det vere Erlend Apneseth som er på farten. Det blir nemleg ein saers travel festivalpe­riode for spelemanne­n frå Jølster i år.

Er litt bekymra

eI tillegg til å stå for musikken til «Andvake», oppsetjing­a av Jon Fosse-trilogien med same namn, skal Apneseth spele fleire konsertar under årets Nattjazz.

Enkelte kveldar må han derfor ta med seg både beina og fela, og springe frå Ole Bulls Plass til Verftet når framføring­a av «Andvake» er ferdig.

Viss Erlend Apneseth i det heile tatt kan spele på fela si.

BT treff Apneseth på Hordaland Teater før dei skal ha første skikkelege gjennomgan­g av «Andvake». Dei skal prøve å spele stykket frå byrjinga til slutten for første gong. Apneseth er blitt omtala som ein «beinhard» folkemusik­ar, men no er han litt bekymra.

–Eg har aldri vore i denne situasjone­n før. Vi har ein reserve som kan spele for meg viss det ikkje går, men eg vil sjølvsagt spele sjølv, seier Apneseth.

Også i «Andvake»-trilogien fer det ein litt bekymra fyr rundt om i Bergen – eller rettare sagt Bjørgvin – med ei fele. I boka kjem Asle kjem til Bjørgvin samen med si gravide kjaerast

 ??  ?? MED BÅT TIL BJØRGVIN: I «Andvake» kjem Asle og Alida med båt til Bjørgvin. Dei har med seg lite anna enn kleda dei går og ei fele. – Eg kjenner meg igjen i tekstane til Jon Fosse, seier Erlend Apneseth.
MED BÅT TIL BJØRGVIN: I «Andvake» kjem Asle og Alida med båt til Bjørgvin. Dei har med seg lite anna enn kleda dei går og ei fele. – Eg kjenner meg igjen i tekstane til Jon Fosse, seier Erlend Apneseth.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway