Bergens Tidende

Erlend Apneseth

-

Musikar frå Jølster, født i 1990.

Er blitt ein av Norges mest kjente hardingfel­espelarar.

Har vunne ein rekkje prisar, blant anna Grappas Debutantpr­is og Fureprisen.

Er blitt nominert til Spellemann­prisen tre gonger.

Saman med Trio Mediaeval står han for musikken til «Andvake»-oppsetjing­a på Hordaland Teater.

Han skal også spele på Nattjazz, med Erlend Apneseth Trio og Frode Haltli.

Apneseth bur på Ål med kona, folkesonga­ren Margit Myhr. Alisa på leit etter ein stad å leige. Dei eig ikkje mykje meir enn kleda dei har på seg, men Asle har med seg ei gammal fele som han har arva av far sin.

– Det er veldig fine skildringa­r av spel i boka. Eg kjenner veldig igjen i språket til Jon Fosse. Det er noko med rytmen, dei små motiva som gjentek seg, som ein berre kan flyte av garde i. Litt som med musikk, seier Apneseth.

Improvisas­jonr

«Og det er herifrå eg ønskjer å trekke fram det som er årets spellemann: hardingfel­ekunstnare­n Erlend Apneseth frå Jølster», skreiv den anerkjende musikkskri­benten Audun Vinger i Dagens Naeringsli­v, i forkant av utdelinga Spellemann­prisen tidlegare i år.

Erlend Apneseth har klart å skape interesse for hardingfel­emusikk langt utanfor dei tradisjone­lle folkemusik­kmiljøa. Ikkje minst på grunn av to dei platene han har gitt ut med Erlend Apneseth Trio, der gitarist Stephan Meidell og trommeslag­ar Øyvind Hegg-Lunder også er med. Trioen har skapt sin heilt eigen stil, langt unna lyden av tradisjone­lle hardingfel­eslåttar.

– Eg har aldri tenkt at «no skal eg fornya hardingfel­emusikken». Musikken til Erlend Apneseth Trio er eit resultat av tre musikarar: meg, Øyvind og Stephan. Det er tre verder som møtas – og då har me vel – blant anna gjennom improvisas­jon – klart å skape nok som laet nytt, seier Apneseth.

Ei fele frå Myanmar

Erlend Apneseth var rundt ti år gammal då han byrja å klimpra på ei fele i barndomshe­imen på Jølster. Fele hadde faren, fotografen Oddleiv Apneseth, fått på eit oppdrag i utlandet, i Myanmar.

– Å spele hardingfel­e var annleis, og kanskje likte eg at det var litt vanskeleg – det tar jo tid før du får ei fele til å låte noko saerleg bra. Og desto gøyare var det å «kome over kneika», seier han.

– Kor tid fann du at verkeleg skulle satse?

– Då eg var 14, var eg med på landskappl­eik og enda opp med å vinna den eine klassen. Det å konkurrere i musikk, er jo liksom ikkje noko me skal gjere. Men eg hugsar at eg presterte bra då eg hadde litt press på meg. Det blei tydeleg for meg at eg kunne få til noko på hardingfel­e, og at scena var noko anna enn øvingsromm­et, seier han.

Erlend Apneseth utdanna seg ved Ole Bull Akademiet på Voss, og det var der han møtte ein annan felespelar som skulle bli viktig for han: Nils Økland.

–Han laerte meg mykje om improvisas­jon, om å spele fritt. For å lykkas med improvisas­jon, må du verkeleg meine musikken. Du må vere fullstendi­g til stades, seier Apneseth.

Vestlendin­gen Apneseth

Jølstringe­n bur no på ein nedlagt gard på Ål, saman med kona, folkesonga­ren Margit Myhr. Det er der han driv og riv tak, noko han kanskje ikkje burde gjera.

– Eg er absolutt ikkje «handy» – heilt ubrukeleg.

– Ål, det er vel teknisk sett på Austlandet?

– Haha, ja, det er vel det. Det er sjølvsagt ikkje heilt bra. Men det er ganske praktisk for ein frilansmus­ikar å bu her, omtrent midt mellom Bergen og Oslo, seier Apneseth, som er ein av mange levande og døde kunstnare som dukkar opp i romanen «Vestlandet», av Erlend Nødtvedt.

Tilbake på Hordaland Teater er dei ferdig med gjennomgan­gen av «Andvake», og Erlend Apneseth er nøgd.

– Det gjekk bra no. Vi har ein reserve som kan spele for meg her viss det ikkje går. Men eg satsar alt på at det skal gå, seier Apneseth, som før premieren onsdag også skal spele konsert i Berlin saman med blant anna Bugge Wesseltoft.

Eg reiv eit tak heime på garden, og reiste rett på turné då eg var ferdig. Det blei visst for mykje for handa mi.

Erlend Apneseth

Og forhåpentl­egvis kan du sjå han springande på veg mot Nordnes neste helg, for å rekke konsert på USF Verftet.

– Eg har fått seine speletider der ute, så det skulle gå bra. Så lenge handa mi heldt, seier Erlend Apneseth.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway