Bergens Tidende

Morten Myksvoll

Bergen bør byggjast som ein by, og ikkje berre som ei samling av bustader.

-

TAR DU BYBANEN til Flesland, kan du sjå eit nytt Bergen vekse fram. På Wergeland kan ein snart ta heisen frå leilegheit­a ned til bana, og det er blitt kaféliv ved dei gamle trikkeskje­nene. Dette bypreget er nytt. Det er få stadar utanfor sentrum der ein kan kjøpe kaffi i gangavstan­d til heimen. Viss ein må starte bilen for å ete ein bolle, bur ein ikkje i ein by.

Etter kvart som turen går vidare, er Bybanen blitt til eit forstadsto­g. Det har dukka opp mange nye bygg langs skjenene og naer stasjonane, men mange bustadar gjer ikkje ein by.

Ved Lagunen kjem Bybanen inn på ei bru, men det massive kjøpesente­ret gir deg likevel tunnelføle­lsen. I Råstølen står eit einsamt gammalt hus igjen, midt mellom sjellause høg- og lågblokker. I Sandslimar­ka er det berre ein svaer parkerings­plass. Dei to stadane der det er lagt opp til litt liv naer haldeplass­en, er på Sletten og på Nesttun. To kjøpesente­r, altså.

Det verkar som om heile grunnen til å byggje bana vidare frå Lagunen var for å nå Flesland. Resultatet er ei byspreiing utan like.

BYENS KONFERANSA­R HAR i årevis handla om kor mange me kjem til å bli i denne byen. Og at det må byggjast meir, fortare og høgare. Fordi det skulle kome hordar av nye bergensara­r. Samtidig har anslaga på kor mange me faktisk vil bli, gått ned.

Nedgangen er ikkje ny. Kvar og ein av framskrivi­ngane etter 2013 viser det same biletet. Ein forventar lågare folkevekst enn det ein gjorde året før. Fallande fødselsove­rskot og låg innvandrin­g er hovudårsak­ene til at framskrivi­ngane er lågare no.

DET ER ANSLAGA om kraftig folkevekst som har ført til den omstridde fortetting­spolitikke­n. Men det er farleg å la statistikk­en styre byutviklin­ga. Politikara­ne si oppgåve er å styre byen i den retninga dei ønskjer, ikkje berre forsøkje å oppfylle usikre anslag.

Men når folketalet vert lågare enn venta, kan ein i det minste sjå opp frå planteikni­ngane og vurdere om ein er på rett veg. Faerre bergensara­r bør gi mindre hastverksa­rbeid i bustadbygg­inga.

Bergen må halde fram med å byggje, og bustadane bør byggjast tett. Men me kan godt gjere det på ein annan måte enn slik det har vore dei siste åra. Turen med Bybanen viser at det ikkje er gull alt fortetting­a tar i.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway