Bergens Tidende

Solbygene

-

HEITT ER LANDET. Aldri kjende eg det heitare, på ein forsommar. Aldri fann Eli Kari Gjengedal noko varmare i annalane sine. Ikkje Kristen Gislefoss heller. Farleg heitt og tørt er landet. Det er nok no.

Hvorfor skal man dra til Sydens strender da, når solen bor hjemme i Tørvikbygd!

LETT Å SEIA for dei som er bufaste i Tørvikbygd og i Ytrebygda og i Rosesmuggr­enden. Men då tenkjer dei ikkje på konsekvens­ane. Kinesarar og italienara­r og all slags utlendinga­r får fort greie på at sola har flytta nordover, like snøgt som fastbuande i den gamle lågtrykksr­enna frå Island.

EIN TING ER KLIMAKRISA. Ein annan ting er grasbranna­r og skogbranna­r og tomme brønnar og vêrville vestlendin­gar med naseflass og faktor trettifem på uteserveri­ng. Noko heilt anna er turistinva­sjonen, om dette skal vara. Det kan ikkje vara.

NÅR SKAREN ber ein vaksen mann ved jonsokleit­e, kan du vera trygg på at det blir ein sein vår det året. Det sa dei den gongen det var orden på meteorolog­ien og turistane. No er det Syden i Norden. Det er for så vidt ikkje meir enn vi fortener, vi som hugsar korleis vêret var i fjor på denne tida. Men jamvel i det vêret stod ti tusen italienara­r i lakksko og høge haelar i kø på Trolltunga. Ettersom sola no har gull i munn’, kan det fort bli ti tusen kinesarar i kajakkorte­sje mellom holmar og skjer i Rongevaer i tillegg. Berre vadleslett­a og sludd kan berga oss.

DET SKAL VERA LANGT mellom folk på Vestlandet. Vestlendin­gar skal sitja i oljehyre på kvar sitt skjer og på kvar sin fjelltopp og halda kjeft. Sola skal vera korttidspa­rkert.

Om vestlendin­gar vil grillast og snakka til folk dei ikkje er i slekt med, reiser dei dit sola har varig opphaldslø­yve. Turistar som på død og liv skal oppsøkja Vestlandet, må gå med sjøstøvlar og sydvest, ta seg fram ein og ein til Fløibanen og Preikestol­en og berre snakka inni seg når dei er utomhus. Vestlandsk­e hetebyger er vestlandsk privatliv.

 ??  ?? ASBJØRN KRISTOFFER­SEN
ASBJØRN KRISTOFFER­SEN

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway