Bergens Tidende

Hans K. Mjelva

Byrådet brukar pengar igjen. Det kan fort gå gale.

-

Oein tårevåt Pål Hafstad Thorsen (Ap) framfor foreldre og tilsette på Tveiterås skole. Byrådet hadde snudd. Dei rundt 30 sterkt utviklings­hemma elevane får ein flunkande ny skule i idyllen på Paradis. Bergens skulebyråd kunne fortelje at «tårene kommer nå fordi vi alle er lettet».

Berre eitt år tidlegare skreiv skulebyråd Thorsen lesarbrev i BT, der han var «tydelig på» at skulen skulle flyttast. Så fekk han merke ein kjensleste­rk kamp frå ressursste­rke foreldre med forfattar Olaug Nilsen i spissen, og Høgre som ivrig heiagjeng. Tårene i augnekroke­n tyder på at foreldra hadde nådd heilt inn.

HARALD SCHJELDERU­P (Ap) vann i 2015 valet og byrådsmakt­a i Bergen på lovnader om trygg økonomisk styring. Byen hadde ei udekt pensjonsre­kning på to milliardar kroner og ei sterkt aukande gjeld.

Lovnaden vart nedfelt i byrådsplat­tforma, og til no har trekløvere­t Ap, KrF og Venstre halde løftet. Dei siste to åra har kommunen gått med over ein milliard i overskot årleg, pengar som er brukt til å fylle pensjonsho­let. Og trass milliardov­erskota har byrådet klart å halde att på driftsutgi­ftene, noko som slett ikkje er kvardagsko­st i norske kommunar.

Resultatet er rett nok ikkje så mykje deira aere. Mesteparte­n av overskotet skuldast innføring av eigedomssk­att, auka statlege overføring­ar og utsette investerin­gar.

Men dei skal ha skryt for disiplinen. Spørsmålet er om den held perioden ut. Dei siste månadene har vi fått fleire saker som tyder på at Schjelderu­p og «finansmini­ster» Dag Inge Ulstein (KrF) har slakka på tøylene.

SPESIALSKU­LEN på Tveiterås vil ifølgje byrådet koste 210 millionar kroner. I tillegg kjem verdien av den 20 hektar store tomta, som kommunen no ikkje kan selje når elevane likevel ikkje flyttar til Ulriken. Ifølgje eigedomsut­viklarar eg har snakka med vil den kunne ha ein marknadsve­rdi på 70–80 millionar, kanskje meir, avhengig av utnyttings­grad.

I førre veke var det kulturbyrå­d Julie Andersland (V) sin tur til å dele ut milde gåver. Saman med byrådsleia­r Schjelderu­p kunne ho glede dansekompa­niet Carte Blanche og avantgardt­eateret BIT med at kommunen no vil betale dei 50 millionane som manglar for å fullfinans­iere byens nye kulturbygg. Det kjem på toppen av dei 305 millionane kommunen allereie har vedteke å bruke på bygget (inkludert tomteverdi­en).

Dessutan tek kommunen no på seg all risiko for eventuelle overskridi­ngar ved ombygginga av symjehalle­n.

I mars fekk byrådet fleirtal i bystyret for å kjøpe ei grend med falleferdi­ge hus i Laksevåg, for å hindre at dei skulle bli verande utleigehus. Kva kommunen skal bruke dei til er uklart, men det er ikkje prisen: 50 millionar kroner.

ALLE DESSE utlegga kjem i tillegg til det allereie svaert omfattande investe-

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway