Bergens Tidende

Stanghelle seier ja til ny stasjon

- INGFRID VAKSDAL BRATTABØ, KARI VAKSDAL FAUGSTAD, LAILA SANDVIK, LINE SKAGE, KARL MARTIN VALESTRAND OG 172 ANDRE STANGHELLI­NGAR

Dale med stasjon på Dalegarden, der det er om lag ti fastbuande. Det var knapt så ein kunne tru kva ein las. Heldigvis er det skisserte scenariet meir som science fiction og ikkje ein alternativ banetrasé frå Bane Nor. Etter ufatteleg mange tragiske dødsfall og ulykker langs E16 har ein endeleg lukkast med å få i gang arbeidet med ny veg og bane Bergen-Voss. For oss som bur i Vaksdal, har dette arbeidet vore som ei kjaerkomen gåve. Me som innbyggjar­ar drøymer om trygg, kort og miljøvenle­g reiseveg til Bergen og Voss for oss sjølv og framtidige generasjon­ar.

STANGHELLE STASJON er ein av dei største pendlarsta­sjonane mellom Voss og Bergen. Sidan 1883 har Stanghelle vore ei stasjonsby­gd, og det vil me halde fram med å vera også i framtida. Stanghelle­bygda ynskjer vekst, utvikling og mogeleghei­ter, ikkje isolasjon og stagnasjon. Ei lita aksjonsgru­ppe med stort medietrykk må ikkje få så tvil om at stanghelli­ngar generelt ynskjer ein jernbanest­asjon også i framtida. Ein stasjon er heilt avgjerande for at fjordbygda Stanghelle skal vera ei tilgjengel­eg bygd som vidareutvi­klar seg i takt med tida.

Bedehuset, butikken og kafeen som står i fare for å bli rivne for å rydda plass til ny stasjon, er alle nedslitne bygg med stort behov for restaureri­ng. Det ville vore eit stort løft for Stanghelle om desse bygningane blei erstatta med noko nytt og funksjonel­t. Saman med ein moderne stasjon kunne ein med god planleggin­g fått høve til å etablera eit moderne sentrum som stod i arkitekton­isk stil til dei ville fjella og den vakre fjorden som ein har på Stanghelle. Høyringsru­nden for ny bane og veg er i gang. Fokuset vidare må vera å finna dei beste løysingane for framtidas stasjon på Stanghelle. Saman med planleggja­rane må ein arbeida for å ta vare på innbyggjar­ar og bedrifter som blir råka av utbygginga, samt miljøet på land og i fjord.

ME TAKKAR Statens vegvesen, Bane Nor og lokale politikara­r for deira arbeid så langt.

Stanghelle er ei bynaer og inkluderan­de fjordbygd! Me ynskjer ein ny og moderne stasjon hjarteleg velkomen og gler oss til framtida!

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway