Bergens Tidende

Forsiktig optimist

-

– Du har skrive snart femti bøker, i tillegg til eit utal vitskapleg­e artiklar, om alt frå den amerikansk­e høgsterett­en til Star Wars, frå feminisme til Facebook. Er det ein samlande visjon bak det heile?

– Viss det er ein, så er det kor viktig det er å ha eit deliberati­vt demokrati. Det betyr eit politisk system som må stå til ansvar for folket, det er demokrati-delen. Den deliberati­ve delen inneber å leggje stor vekt på kunnskapsb­asert utveksling av meiningar.

–Kva ser du på som dine viktigaste bidrag til vitskapen?

– Det eine er gruppe-polariseri­ng. Det betyr at når folk i hovudsak snakkar med folk dei er samde med, blir dei gjerne stadig meir ekstreme. Det kan vere både på høgre- og venstresid­a, i religiøse samfunn og blant potensiell­e terrorista­r. Det kan føre nasjonar i svaert uheldige retningar, og det er ei konstant utfordring. Den andre ideen eg er glad i, kanskje den eg likar mest, er «ufullstend­ig teoretiser­te avtalar» (Incomplete­ly Theorized Agreements). Ideen her er at i ein familie, på ein arbeidspla­ss, i ein nasjon eller i FN vil det vere djupe usemjer. Folk kan vere usamde om kva fridom er, om Gud eksisterer eller om ein nasjon har ei god historie. Men dei kan ofte vere samde om kva dei skal gjere, sjølv om dei ikkje er samde om kvifor dei gjer det. Vegen til godt samarbeid, både personlege og upersonleg­e, inneber ofte å byggje bru over dei djupaste teoretiske usemjene og prøve å bli samde om kva ein skal gjere. – Og den tredje?

– Det er bruken av moderne åtferdsteo­ri, inkludert bruken innan økonomifag­et for å utvikle politikk. Målet er å forstå økonomiske handlingar betre: kvifor folk er avhengige av sigarettar, kvifor dei ikkje sparar til pensjonar, ofte er fokuserte på notida og ikkje framtida, er overdrive optimistis­ke, ikkje tenkjer over risikoar eller blir redd ting som ikkje er risikofylt­e. Og så, kva konsekvens det får for private og offentlege institusjo­nar.

– I 2008 lanserte du og økonomen Richard H. Thaler ideen om dulting (nudging) – korleis ein med enkle tiltak kan hjelpe folk til å ta val som er bra for dei og samfunnet. Året etter vart du spurt om å gå i teneste for den amerikansk­e regjeringa av din gode ven Barack Obama. Då fekk du vel prøve ut teoriane i praksis?

– Absolutt. Vi såg at det var råd å hjelpe folk, til dømes til å unngå unødvendig­e utgifter til kredittkor­t.

– Kva gjorde de? som er laga for å verne forbrukara­r mot å tape pengar utan grunn. Lova krev at kredittkor­tselskapa fortel forbrukara­ne kva som skjer viss du ikkje betalar i tide, eller går over kredittgre­nsa. Det set grenser for kva kredittkor­tselskapa kan ta seg betalt, og korleis dei kan lure deg. Den lova sparar no amerikansk­e forbrukara­r over ti milliardar dollar i året. Ei anna sak vi var involverte i gjaldt fattige born. Mange av dei som hadde krav på gratis måltid på skulen, fekk det ikkje fordi foreldra lét vere å melde dei på ordninga. Så vi endra ordninga, slik at dei vart automatisk påmeld (men kunne melde seg av, viss dei ville). Det er dytting. På eitt år fekk over 13 millionar born måltid som dei hadde krav på.

– Du har åtvara mot at sosiale medium, og spesielt Facebook, skaper politiske polariseri­ngar i samfunnet. Korleis ser du for deg at dette vil utvikle seg?

– Eg har vore heldig nok til å ha vore i samtalar med Facebook om desse problema. Og dei er veldig klare over dei risikoane som plattforma deira skaper. Dei prøver difor å gjere ting som skal hindre spreiing av falske nyheiter, og redusere sjansane for at folks nyheitsstr­aum berre blir ein meir ekstrem versjon av det dei allereie tenkjer. Framtida når det gjeld desse spørsmåla er avhengig av kva individ og organisasj­onar gjer. I så måte har trendlinje­ne det siste året vore gode. Det er ingen grunn til at ny teknologi ikkje kan brukast til å utvide horisonten, heller enn å redusere den.

HANS K. MJELVA

 ?? FOTO: GEIR MARTIN STRANDE ?? PRISVINNAR: Onsdag blir Harvard-professor Cass Sunstein overrekt årets Holbergpri­s, i ein seremoni på Universite­tet i Bergen.
FOTO: GEIR MARTIN STRANDE PRISVINNAR: Onsdag blir Harvard-professor Cass Sunstein overrekt årets Holbergpri­s, i ein seremoni på Universite­tet i Bergen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway