Bergens Tidende

Studentar som melder flytting - for kven er det vinn-vinn?

- HANS PETTER THORBJØRNS­EN

Rådsordfør­ar i Hardangerr­ådet DEI ALLER FLESTE STUDENTAR har så langt ikkje meldt flytting til studiestad­en, men vore registrert som innbyggjar på heimplasse­n sin. Studentar vil som regel gjennom studietida nytta offentlege tenester som lege, tannlege eller andre offentlege tenester i heimkommun­en. Slik sett er det naturleg at studentane er registrert med heimeadres­se der dei nyttar desse tenestene, og at innbyggjar­tilskotet går dit.

Forslaget frå Anine Frølich vil innebera ein reduksjon i innbyggjar­tilskot for distriktsk­ommunar utan høgskular eller universite­t, medan store byar som har slike institusjo­nar «tek over» dette tilskotet. Det er på ingen måte å visa raus haldning overfor små distriktko­mmunar.

Hardanger er hytteområd­e for svaert mange med bustad i Bergen kommune. Når bergensara­ne er på hytta, har dei krav på helsetenes­ter som t.d. lege eller heimesjuke­pleie utan at dei er registrert­e som innbyggjar­ar. Det er ofte tenester som er langt meir ressurskre­vande for den lokale kommunen enn ein student som bur i Bergen utan å ha fast bustadadre­sse her.

Det verkar også unaturleg å utelukka studentar som er folkeregis­trert i kommunar i Hordaland frå ei slik ordning. Berre det er grunn nok til å leggja forslaget bort. At forslaget ikkje handsamar alle likt, er også kommentert på leiarplass i BT 30. mai.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway