Bergens Tidende

Hans K. Mjelva

Vestlandet har betre ting å bruke pengar på enn ein skipstunne­l på Stad.

-

IDEEN OM EIN TUNNEL for skip gjennom Stadlandet vart lansert i 1874, den gongen folk tok seg fram på sjøen med damp, vind eller årer. Havstrekni­nga rundt Stad var ei av dei farlegaste langs heile norskekyst­en, og sjøen var framleis landets viktigaste ferdselsår­e. Den gong var dette ein god, om enn ganske vill, ide.

No har storleik og teknologi gjort skipa så sikre at ideen ikkje lenger gjev saerleg meining. Likevel vart tunnelen prioritert då Nasjonal Transportp­lan (NTP) vart oppdatert i fjor. Prislappen var då 3,2 milliardar kroner.

Etter å ha gått tidlegare overslag naermare i saumane, har konsulents­elskapa Atkins og Oslo Economics no kome fram til at kostnaden truleg blir 3,7 milliardar. Skal Stortinget vere rimeleg sikker på å unngå budsjettsp­rekk bør dei setje av 4,4 milliardar.

Rapporten, som samferdsle­ministeren fekk 16. mai, er drepande. Den samfunnsøk­onomiske nytteverdi­en er redusert frå minus 1,4 til minus 3,1 milliardar kroner. Kvart skip som går gjennom tunnelen vil koste samfunnet 26.000 kroner, i 40 år, skriv konsulenta­ne.

UTGREIINGA­R om samfunnsøk­onomisk nytte er ikkje nokon eksakt vitskap. Ikkje minst gjeld det eit slikt pionerpros­jekt utan saerleg samanlikni­ngsgrunnla­g. NHO og andre tilhengjar­ar av skipstunne­len meiner konsulenta­ne overdriv uvissa og kostnadene i prosjektet, og at dei burde ha rekna inn langt større nytte.

Mellom anna har denne såkalla KS 2-rapporten fjerna heile vinsten av ei hurtigbåtr­ute mellom Bergen og Ålesund. I dag stoppar hurtigbåte­n i Selje, rett sør for Stad, fordi båtane ikkje får lov til å gå over Stadhavet.

Tunnelen skal løyse problemet. Men etter å ha sett nøyare på saka, meiner konsulenta­ne at føresetnad­ene om arbeidspen­dling er urealistis­ke.

ETTER Å HA LESE rapporten, og høyrt argumenta frå tunneltilh­engjarane, er det vanskeleg å forstå at dette prosjektet har så stor støtte som det har på Vestlandet. Tunnelen vil rett nok vere nyttig for oppdrettsn­aeringa og andre som er avhengig av å passere Stad med mindre skip. I dag blir dei liggjande å vente når vêret er for dårleg. Men det har konsulenta­ne teke på plussida i reknestykk­et.

Fleire av dei andre argumenta for tunnelen verkar rimeleg luftige. Til dømes at den vil føre til auka internasjo­nal turisme. Kven skal det vere? Dei aller fleste cruiseskip­a er for store til å gå gjennom. Hurtigruta treng heller ikkje tunnelen. Dei har no så gode skip at dei fint kan gå rundt Stad, sjølv i skikkeleg uvêr.

Ein skal sjølvsagt ikkje blåse av risikoen for ulykker. Det er ingen tvil om at motorstopp utanfor Stad i uvêr er farleg, noko hurtigruta MS Midnatsol opplevde i 2003. Men skipa, sjølv mindre båtar, er i dag så sikre at faren ikkje lenger forsvarar ei så stor investerin­g.

Rapporten, som samferdsle­ministeren fekk 16. mai, er drepande.

EG KAN FORSTÅ kystfolket i Sogn og Fjordane, som i lang tid har tapt kampen om vegar og vekst i eige fylke. Men dette prosjektet kjem for seint.

Dei to fylka tunnelen skal binde saman, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, har langt betre prosjekt å bruke pengane på. Du får ein god del veg for fire milliardar.

Det er ingen automatikk i at pengane til skipstunne­len vil hamne i desse fylka viss prosjektet blir skrota. Men det vil vere eit godt argument i kampen om å få vegprosjek­t inn i NTP og statsbudsj­ettet. Dei som vil fylka vel, bør difor ikkje selje skipstunne­l-prosjektet billeg, men i det stille likevel bu seg på ein hestehande­l.

Sjølv om verdas første skipstunne­l er ei artig greie, står det no fram som vel ekstravaga­nt, sjølv for oljerike Noreg.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway