Bergens Tidende

Veit de korleis det er når 10-årin din ikkje orkar livet meir?

- ANONYM KVINNE

Eg har eit barn som blei mobba.

frå Vestlandet

FOR LITT OVER eit år sidan kjente eg at eg hadde vondt i brystet. Hjartet slo frykteleg hardt og sakte. Det var tungt å puste. Det kom og gjekk litt. Ein skulle tru eg blei bekymra, men det blei eg altså ikkje. Nokre gonger blei eg riktig nok litt i stuss på om hjartet ville stanse. Men det gjorde det sjølvsagt ikkje.

For eg har eit barn som blei mobba. Eg visste at det var derfor hjartet naerast gjekk i dvale. At eg var ikkje sjuk.

Eg har eit barn som blei mobba. Blei kalla baesj og tiss. Dei sa han brukte bleie, baesja i bleie. Dei sa han var dum. Han blei kasta sko på. Eller hans eigne sko blei gøymt i vasken og bosset til andre klassar. Han blei sirkla inn, sneia med sykkelen. Og då han haldt seg roleg, blei han sykla på. Ja, då hjelpte ikkje all verdas trening heime på korleis han skulle handtere og reagere: Han blei sint. Og syklisten var nøgd – sykla fort av garde ut av skuleplass­en. Det var ballar i ryggen, bakhovudet og ansiktet.

DET KUNNE OG VERE terging, vise at ein hadde makt til å gjere han sint. Som å halde klasseball­en eller eigedelane hans ut vindauget i andre etasje. Kaste jakka hans ut i bilvegen og seie at ein bil hadde køyrt over han. Slå ting ut av nevane. Dulte i han då dei passerte han. Dei sa han var ute i leiken, medan andre ikkje blei ute av det same. Då han snakka med laeraren, stod mobbaren bak ryggen til laeraren og viste finger. Mobbaren kneip han hardt i nakken, bøygde han langt framover og gav klår melding om ikkje å sladre til dei vaksne.

Mobbaren kom til klasseromm­et, gløtta på døra og gliste inn, viste at han var der, klar til å øydeleggje kva som helst som baud seg, for min gut. Og mobbaren blei så flink, så flink: Han gjorde etter kvart berre nok til at han fekk demonstrer­t makt, men lite nok til at dei vaksne berre sa «gje deg no med det der». Inga meir oppfølging. Lite nok til at han kunne halde fram, mobbe utan konsekvens­ar.

JA, VI SA IFRÅ. Endå eit år før, skreiv eg til skulen, bad om hjelp. Det var gått tre månader frå eg melde frå om mobbinga, og skulen bekrefta det. Situasjone­n var ikkje endra. Eg bad om samarbeid. “Kanskje vi kan klare å endre det saman?” spurde eg skriftleg.

Ja, vi hadde møter. Laerarar, leiinga, kommunepsy­kolog, PPT, BUP. Det blei ikkje betre. Kvar morgon i halvtanna år skreik min gut at han ikkje ville eller orka å gå på skulen. Eg lovar: Det går ikkje an å tenkje seg til korleis det er! Om kvelden ville han ikkje leggje seg: Han orka ikkje ein ny dag. Etter kvart sa han at han ikkje orka livet meir. Fleire gonger. Ja, skulen fekk vite det. Men dei meinte han hadde det bra. Han smilte no på skulen, sa dei og såg ikkje samanhenga­ne. Endå vi forklarte gong på gong.

Etter kvart lét vi han bli heime når han sa han trong det. Det blei fråvaer på 2–4 dagar i veka. Skulen noterte 10–15 prosent. Fleire møter. Inga betring. Etter kvart måtte han ha mobil i lomma, så han kunne ringje meg når det gjekk gale og han måtte heim. Rektor ringde òg etter mobbe-episodar, bad meg hente han fordi han ikkje orka meir. Dei sette inn ekstra folk. Men mobbinga skjedde med dei vaksne til stades. Kva hjelper det då med ekstra folk?

Å, SOM EG ØNSKTE meg eit fjell å rope ut frå! «Veit de korleis det er når 10-åringen din ikkje orkar livet meir?!» ville eg rope. «Veit de korleis det er når 10-åringen din alltid er sint og lei? Veit de korleis det er når 10-åringen din ikkje seier ifrå lenger? Veit du korleis det er når guten din gøy-

 ??  ?? FORTVILA: «Kvar morgon i halvtanna år skreik min gut at han ikkje ville eller orka å gå på skulen», skriv innsendare­n.
FORTVILA: «Kvar morgon i halvtanna år skreik min gut at han ikkje ville eller orka å gå på skulen», skriv innsendare­n.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway