Bergens Tidende

Vi må ta på alvor at elevane ønskjer eit rettferdig system

- LILLIAN NESHEIM, MARIA B. SOLHEIM, MONA BREKKAN, SAEBJØRG HAGEBERG KJEKA, HEGE CRUICKSHAN­K OG MARIANNE SENNESETH

Laerarar ved Knarvik vidaregåan­de skule system som dette, og så opnar for fri tilgang til internett til eksamen, kan ein ikkje berre dreie debatten over på noko anna.

RAAHEIM SKRIV AT EKSAMEN handlar om å «kontroller­e i hvilken grad elevene har tilegnet seg bestemte forhåndsde­finerte løsninger i forhold til bestemte kompetanse­mål». Men i dag vil ei typisk eksamensop­pgåve i mange fag invitere eleven til å skrive sjølvstend­ig, kreativt og kritisk. Eksamen handlar om å «slå ned på og straffe feil», skriv han, men i dag kan elevane løyse oppgåvene på svaert ulike måtar. Sensorane blir systematis­k trente i å leite etter kvalitetan­e ved svaret, og ikkje sjå etter det som manglar.

Raaheim meiner dei vurderinga­ne laerarane gjer, altså standpunkt­karakter, held lenge. Igjen hoppar han over rammene skulen opererer innanfor. Viss ein tar vekk eksamen, går ein i praksis inn for å auke makta kvar skule har over karakterpo­enga til elevane.

DETTE ER LANGT FRÅ UPROBLEMAT­ISK. Hugs at den vidaregåan­de skulen opererer i eit farvatn med rangeringa­r, fritt skuleval og kommersiel­le aktørar med karakterga­ranti. Det er ikkje vanskeleg å sjå for seg at skulane kjem under press for å gi elevane dei karakteran­e dei vil ha.

Eksamen kan vere krevjande, men det å måtte prestere under tidspress, er noko alle vil oppleve. Slik er det i arbeidsliv­et òg. Nokre gonger har ein god tid, andre gonger må ein jobbe raskt. Eksponerin­gsterapi er smart, og det fungerer faktisk. Mange elevar slit minst like mykje med å snakke høgt i ei forsamling, men det er jobben vår å hjelpe dei med å greie dette. Kvifor skal me tenkje annleis om skrivesper­re? Eller om alle dei andre ubehageleg­e situasjona­ne dei kjem ut for?

DET FINST FLEIRE MÅTAR å hjelpe elevane på, og ein måte er å la dei få øve seg på å greie å prestere sjølv om dei har tidspress. Det er ei trening i å meistre livet. Ein annan er å ta på alvor at elevane ønskjer eit rettferdig system for opptak til høgare utdanning. Det er trass alt framtida deira det handlar om.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway