Bergens Tidende

Strilens kjekkaste bydag

Inge Åsebø gledde seg slik til å dra til byen på Torgdagen at han mest ikkje fekk sove. Slik var det ikkje før.

- CATHRINE KRANE HANSEN cathrine.hansen@bt.no

Torget er tettpakka av strilar, bergensara­r og turistar. Godt vêr, mykje song og musikk og glade fjes over heile linja. Men ein kar smiler breiare enn dei fleste.

– Det er så kjekt å kome hit til Torgdagen. Eg gledde meg så at eg mest ikkje fekk sove i natt, seier Inge Åsebø.

Under plakaten «Alt er for salg – berre ikkje kåno», fortel han om tinga han og kona har laga heime på Rossland i Meland.

Meir forsiktig før

e– Ho strikkar sokkar og eg lagar ting av tre –kjiper, hespetre, lefsepinna­r. Når folk ser desse tinga, får dei seg fine mimrestund­er, seier strilen frå NordHordla­nd.

Han kjenner seg veldig godt motteke av bergensara­ne når han kjem til Torgdagen.

–Før i verda var ein meir forsiktig når ein kom til Bergen, seier han og fortel ei historie om ei jente som la om til bergensk straks ho flytta til byen.

Då jenta frå Meland ein dag var ute med ei bergensk venninne, trefte ho på far sin. Han snakka så breitt strilemål at jenta frå Meland lét som ho ikkje kjende han. Om historia er sann, kan ikkje Inge Åsebø garantere. Men han er såpass gammal at han hugsar tida før Johannes Kleppevik starta Torgdagen i 1977.

Fjordastri­l frå Vaksdal

– Johannes fekk augo mine opp for ein strilekult­ur eg som fjordastri­l berre ante konturane av, sa Aftenposte­nredaktør Harald Stanghelle då han hylla trubadur Kleppevik i opningstal­en til Torgdagen.

Denne festdagen har forandra byfolket sitt syn på strilen, meiner Stanghelle.

– Før var dei lett nedlatande, og strilen hadde eit mindreverd­skompleks ovanfor den meir rappkjefta bergensare­n. Gjennom Torgdagen er dette systematis­k blitt endra, seier han til BT etter talen.

Stanghelle flytta frå Vaksdal til Oslo for over 40 år sidan. Men han kallar seg framleis fjordastri­l og har eit naust og ei seter i heimbygda.

– Det er lenge sidan eg har vore på Torgdagen. Veldig kjekt her, seier redaktøren før han trør ut i folkemengd­a.

På andre sia av Vågen tek Jostein Hammerslan­d ein sjølvfi av seg og kjaerasten Anne-Linn Ornevik. Dei er begge frå Sotra og kom til Bryggen med M/S «Sunnholdla­nd» laurdag morgon.

–Mor mi er ofte på Torgdagen, og før ville eg ikkje bli med. Men i fjor tok han meg med for første gong, og no har eg ikkje noko val, seier ho og kikkar på kjaerasten.

– Det er ikkje så mange på vår alder her, men det er veldig kjekt. God stemning!

– Det blir stadig fleire unge, synest han, som har vore på Torgdagen dei siste fem åra.

 ??  ?? GLAD KAR: Inge Åsebø tok med seg det han har laga heime i verkstaden i vinter til Torgdagen. Der selde kona sokkane ho har strikka. – Det er tredje året vi er her, det er så kjekt, seier han.
GLAD KAR: Inge Åsebø tok med seg det han har laga heime i verkstaden i vinter til Torgdagen. Der selde kona sokkane ho har strikka. – Det er tredje året vi er her, det er så kjekt, seier han.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway