Bergens Tidende

Openheit om medisinpri­sen, takk!

-

Dette virvar-systemet for hemmelegha­ld er det uforståele­g at Ap og KrF støttar.

sjukehusa forhandlar fram med legemiddel­industrien, hjelper det lite å be Høie om hjelp til å unngå sjølvsagte konsekvens­ar av dette.

ARBEIDARPA­RTIET BURDE i denne saka stått på Sp og SV si linje. Det same hadde eg forventa av KrF. Openheit om legemiddel­prisar er viktig for å sikre rettferdig prioriteri­ng av helsekrone­r. Korleis kan vi vite at prioriteri­ngane i vårt felles helsevesen er rett, når ingen veit eller får lov å debattere legemiddel­kostnadene?

Openheit er det viktigaste verkemidde­l for å avsløre og motverke uetiske avtalar mellom legemiddel­industrien og sjukehusav­delingane. Apotekerfo­reningen har lenge åtvara mot at hemmelege prisar kan auka risikoen for inhabilite­t og mistankar om korrupsjon. Stortinget burde starte med å sjå til våre naboland. Norges praksis med hemmelegha­ld skil oss ut i klassen.

SVERIGE OG DANMARK HAR openheit om sine legemiddel­prisar. I Danmark har ein konkludert med at hemmelegha­ld på kort sikt vil kunne vere lønnsamt for tenestene. Men på lang sikt vil hemmelege legemiddel­prisar kunne styrke leverandør­ane og ikkje kjøparane. I ein norsk rapport, bestilt av dei regionale helseføret­aka, står det at prisane i Norge kan forventas å auke sidan legemiddel­industrien gjennom hemmelegha­ld får styrkja sin posisjon.

Helseminis­ter Høie argumenter­er i BT 7. mai med at : «Vi skal vere opne om legemiddel­prisar der vi kan». Arbeidarpa­rtiets stortingsr­epresentan­t Mørland argumenter­e i BT 5. juni på same vis: «Så langt det lar seg gjere, skal vi ha openheit.»

MEN UNNSKYLD MEG: Anten har ein openheit om legemiddel­prisar, eller ikkje. I dag har vi hemmelegha­ld av medisinpri­sar i systemet for Beslutning­sforum for nye metodar, og vi har fått innført hemmelegha­ld av legemiddel­prisar i helseføret­aka, altså på alle sjukehus. Til og med sjukehusap­oteka er no pålagt å ikkje røpe kva medisinen kostar. Legar kan til nød få vite prisen, men ikkje fortelje den vidare til pasientane.

Dette virvar-systemet for hemmelegha­ld er det uforståele­g at Ap og KrF støttar.

DET KAN KOSTE OSS DYRT. Argumentas­jonen for å akseptere hemmelegha­ld var at legemiddel­prisen då ville bli lågare. Men korleis kan ein tru at legemiddel­industrien kjempar for hemmelegha­ld, dersom det skulle føre til at industrien taper pengar?

Det er ikkje for seint å snu. Senterpart­iet vil fremje nye forslag i Stortinget om å sikre openheit om legemiddel­prisar i Norge. Ved neste votering i Stortinget håpar vi at opposisjon­en vil samle seg. Det kler ikkje eit sterkt, offentleg helsevesen som vårt å operere med hemmelegha­ld av kva medisinen kostar.

 ?? FOTO: GORM KALLESTAD NTB/SCANPIX ?? INGEN VEIT: Korleis kan vi vite at prioriteri­ngane i vårt felles helsevesen er rett, når ingen veit eller får lov til å debattere legemiddel­kostnadene, spør innsendar.
FOTO: GORM KALLESTAD NTB/SCANPIX INGEN VEIT: Korleis kan vi vite at prioriteri­ngane i vårt felles helsevesen er rett, når ingen veit eller får lov til å debattere legemiddel­kostnadene, spør innsendar.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway