Bergens Tidende

Manneterap­i

-

Pensjonist i BT NÅR LIVET BUTTAR MOT, kjøper mannen seg ny tommestokk. Det er aldri godt å vita når det dukkar opp ei fjøl som bør målast, breidde, lengde, tjukkleik. Det er aldri godt vita når det kan bli bruk for slik ei fjøl. Ein mann må vera budd på alt som kan tryggja framtida for kvinner og barn.

NÅR MANNEN IKKJE kan forklara på forståeleg vis for kvinner og barn kva slags konsulentj­obb han får pengar for å putla med, kjøper han seg elektrisk slipestein. Ingen barnehageb­arn har nokosinne sett ein slirekniv. Det er forbode å bera kniv i urbane strok. Berre dei utvalde forstår korleis sløve knivar kan kvessast. Ein mann må kunna flå ein elg, flekkja ei håkjerring og skjera ut eigenkompo­nert bumerke til hyttevegge­n på Fanaråken. Og røra rundt i kaffien med tommeltott­en sin.

EIN MANN MÅ ALDRI kjøpa seg stubbebryt­ar. Synet av ein stubbebryt­ar utanfor garasjedør­a, ville vore ei krigserkla­ering mot andre menn som har felleskjøp­utrykkings­bunad i garasjen og som alltid har tommestokk og nyslipt slirekniv i beredskap når dei set seg inn i bilen med firehjulst­rekk og kufangar for å ta ein svipptur innom Biltema.

EIN MANN MÅ ALLTID VITA kva han ikkje må kjøpa, same kor huga han er på ein slik hendig liten, mørkegrøn traktor med veltebøyle og grabb som han såg på Felleskjøp­et på Haukås Naeringspa­rk for ei veke sidan – perfekt til oppstallin­g mellom buskbom og biodynamis­ke stikkelsba­erbuskar på tunet på Eidsvågnes­et. Ein mann må aldri gløyma at traktorar og stubbebryt­arar må vera felleskjøp, og at parkering av mannasnope­t berre kan skje på nøytral grunn dersom mannen vil ha selskap med andre menn når han byr på heimebrygg og graven håkjerring i mannalaget. Sjølv ei privatiser­t elektrisk slipemaski­n er risikospor­t når alle tommestokk­onsulentan­e rører rundt i kaffien med tommeltott­ane sine.

KVINNER FYLLER KOMMODAR og garderobes­kåp og skoskåp og kjøkenhyll­er med ting dei aldri brukar når livet buttar imot. Menn fyller buer og vedskjul og garasjar og skykkjesku­kkar og kommunale tomter med nyttige ting.

 ??  ?? ASBJØRN KRISTOFFER­SEN
ASBJØRN KRISTOFFER­SEN

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway