Bergens Tidende

Ten på Hanehaug

-

over at Jan-Erik er gått bort. Dei tenkjer tilbake på ei viktig, flott og laererik tid saman med Jan-Erik, Adelheid og resten av gjengen.

JAN-ERIK HAR VORE ein viktig aktør og ei drivkraft i det langsiktig­e arbeidet med å utvikle reiselivet i Sogn, i resten av fylket og på Vestlandet.

Han såg mogeleghei­tene for at dei norske fjordane og Fjord Norge kunne bli ein felles ressurs for å utvikle reiselivet som ei viktig og berande naering etter olja. Både for Vestlandet og for resten av landet. Her sette han for fullt inn marknadsfø­ringskreft­ene sine.

I tillegg var han ei drivkraft i eige hotell og for kommunen. Han var eit godt døme på ein enkeltaktø­r som både makta å vere ei kraft lokalt og samstundes sjå det store internasjo­nale biletet.

EIN FIN MÅTE Å HEIDRA Jan-Erik sitt minne vil vere at vi mobilisere­r alle gode krefter for å vidareføre arbeidet med å utvikle eit meir berekrafti­g reiseliv på Vestlandet.

Jan-Erik sin bortgang er eit smerteleg tap for Adelheid, Trine Lise og dei andre aller naeraste.

Lokalsamfu­nnet, naeringa, vener og alle som var glad i JanErik sit også tilbake med eit stort tap og sakn. Saman kan vi ta vare på Jan-Erik sitt minne om ein dyktig, raus og humørfull vert. Ein internasjo­nalist på Hanehaug.

KNUT HENNING GREPSTAD, ROAR WERNER VANGSNES

 ??  ?? TIL MINNE: Jan-Erik Lie døde 27. mai, 63 år gammal.
TIL MINNE: Jan-Erik Lie døde 27. mai, 63 år gammal.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway